Statsbudsjettet 2025
25 millionar kroner til ABC-kampanjen for psykisk helse
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa vil gi folk kunnskap om korleis dei kan styrke den psykiske helsa og førebygge psykiske plager. Derfor foreslår regjeringa 25 millionar kroner til ABC-kampanjen for psykisk helse i statsbudsjettet for neste år.
ABC-kampanjen har vore prøvd ut i Trøndelag med positive resultat.
– No vil vi at heile landet skal få glede av modellen. Vi veit at grunnlaget for god psykisk helse og livskvalitet blir lagt gjennom heile livet. Arenaer som fremmer aktivitet, meining og tilhøyrsle fremmer også god psykisk helse og livskvalitet, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
ABC for psykisk helse er å gjere noko aktivt, gjere noko saman med andre og gjere noko meiningsfylt. Kampanjen er organisert gjennom partnarskap med samfunnsinstitusjonar- og organisasjonar. Det gjer det lettare for den enkelte å gjere noko aktivt og meiningsfylt saman med andre. Kampanjen skal rette seg inn mot dei arenaene kor folk er, til dømes barnehagar, skular, arbeidsplassar og høgskular og universitet.
Regjeringa foreslår å løyve 20 millionar kroner til ei ny, fylkeskommunal tilskotsordning for ABC-kampanjen, og 5 millionar kroner til nasjonale informasjonstiltak og følgeevaluering av kampanjen. Den nasjonale ABC-kampanjen er ei oppfølging av opptrappingsplanen for psykisk helse og målet om å auke kunnskap om psykisk helse i heile befolkninga. Helsedirektoratet skal støtte opp om fylkeskommunane sitt arbeid med kampanjen.
- aukar kunnskapen i befolkninga om kva ein bør gjere for å fremme livskvalitet og ivareta si eiga psykiske helse betre
- endrar folk si oppfatning av psykisk helse og psykisk sjukdom
- reduserer stigmaa knytt til psykisk sjukdom
- gjer det lettare å vere open om psykiske helseutfordringar
- oppmuntrar folk til å delta i aktivitetar for å ivareta si eiga psykiske helse
- bidrar til varierte lokale initiativ og aktivitetar
Metoden er utvikla i Australia og ABC står for Act – Belong – Commit. Den er brukt i fleire land, mellom anna Danmark, USA og Færøyene. I Noreg har Trøndelag vore pilot før den no blir rulla ut nasjonalt.