Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 25 - 18 | Dato: 01.02.2018
Regjeringa opnar for å gje tilleggspoeng for menn på fleire studier der det er skeiv kjønnsfordeling.
–Studentmassen innan dei ulike studia bør spegle samfunnet. Kjønn er ei side ved mangfald, og derfor bør det vere jamnare kjønnsbalanse i student- og tilsettgruppa, seier forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
Dette er ei av fleire endringar i forskrifta om opptak til høgare utdanning som no er vedteken.
Inntil 2 tilleggspoeng
Stortinget har tidlegare bede regjeringa om å greie ut utforming og innføring av ekstrapoeng til gutar og jenter som søker på studier der det er 80 prosent eller meir av det motsette kjønn. Regjeringa har derfor gjort endringer i opptaksforskrifta som gjer det tydelegare når det kan bli gjeve tilleggspoeng.
For å jamne ut forskjellar og oppnå større grad av likestilling mellom kjønna, kan det for enkelte utdanningar opnast for at søkjarar kan få inntil 2 tilleggspoeng for ein avgrensa periode.
–Dette gjeld studiar der eit av kjønna er klart underrepresentert blant studentar på, eller yrkesutøverarar frå, den aktuelle utdanninga, stadfestar Nybø.
Endringa vil ved opptaket i år gjere at menn vil få tilleggspoeng ved opptak til desse utdanningane:
- Veterinærutdanning ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
- Dyrepleiarutdanning ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
- Sjukepleiarutdanning ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole
Fagskoler gjev no generell studiekompetanse
Nytt i forskrifta er også at to år frå fagskole no gjev generell studiekompetanse. Tidligare har det vore krav om at søkjarane måtte dokumentere norskkompetanse tilsvarande den som inngår i generell studiekompetanse.
Departementet har også fastsett nokre andre endringar i opptaksforskrifta. Sjå rundskriv for alle endringar.