2,7 milliardar og full momskompensasjon til frivilligheita

– Regjeringa har sikra full momskompensasjon for fjerde gong på rad, og i år er det over 1300 fleire organisasjonar som får nytte av denne ordninga, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Totalt 24 346 foreiningar og lag får utbetalt over 2,7 milliardar kronar i momskompensasjon før jul. Det er ein auke på 256 millionar kroner frå 2023. Det store talet på mottakarar viser at ordninga når heile breidda av dei frivillige organisasjonane.

– Organisasjonar som Kirkens Bymisjon, Frelsesarmeen, Røde Kors og Norske Kvinners Sanitetsforening er svært viktige for folk, spesielt no i jula, seier Jaffery.

Også idretten får momskompensasjon, og mottar nær ein milliard kroner i år.

Regjeringa oppfyller lovnaden i Hurdalsplattforma om full momskompensasjon, og prioriterer å gi frivilligheita og idretten frie midlar, slik at dei kan skape enda meir aktivitet og inkludere enda fleire.