31,9 millionar kroner i bu- og reisestøtte til studentar
Pressemelding | Dato: 20.12.2024 | Kunnskapsdepartementet
Mange studentar må reise langt til praksisplassen sin i helse- og sosialutdanningar. Mangelen på praksisplassar er stor. Difor deler regjeringa ut pengar til å dekke utgifter til reise og bustad for meir enn 2500 studentar som får praksisplass langt unna studiestaden.
– No får fleire tusen studentar støtte til ein praksisplass, og kommunane kan tiltrekke seg studentar. Det er vinn-vinn for alle, og eit målretta grep for å for å styrke tilgangen på helsepersonell i distriktskommunane. Vi veit at studentar som har vore i praksis i ein kommune, ofte tar jobb der etterpå også, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Norske kommunar slit med å få tak i nok helsepersonell. Regjeringa har allereie oppretta fleire studieplassar, men for kvar studieplass må det følge ein praksisplass.
Støtte til studentar tre år på rad
For tredje år på rad prioriterer regjeringa å støtte helse- og sosialfagstudentane med stipend for å dekke utgiftene deira når dei skal ut i obligatoriske praksisperiodar. Når studentane får dekka slike utgifter, betyr det at utdanningsinstitusjonane lettare kan legge opp til praksisplassar lengre vekk frå campus.
Meir enn 2500 studentar vil no få støtte i årets tildeling. Det er dei studentane som har fått praksis lengst unna campus som blir prioriterte.
Samla har regjeringa til no fordelt litt over 130 millionar kroner i bo- og reisestøtte til helse- og sosialfagstudentane i perioden 2022–24.
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som administrerer ordninga.
Slik er midlane fordelte:
Institusjon |
Tildelt beløp |
UiT Noregs arktiske universitet |
kr 9 268 085 |
Høgskulen på Vestlandet |
kr 7 100 943 |
NTNU |
kr 7 058 819 |
Høgskulen i Molde |
kr 3 126 653 |
Nord universitet |
kr 2 669 536 |
Universitetet i Agder |
kr 432 546 |
Lovisenberg Diakonale Høgskule |
kr 391 716 |
Universitetet i Bergen |
kr 363 631 |
VID vitskaplege høgskule |
kr 308 438 |
Universitetet i Stavanger |
kr 285 030 |
OsloMet |
kr 258 036 |
Universitetet i Søraust-Noreg |
kr 247 694 |
Universitetet i Oslo |
kr 241 254 |
Høgskulen i Volda |
kr 147 299 |