324 millionar til Hans-råka kommunar og fylkeskommunar
Pressemelding | Dato: 19.12.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet utbetaler no ytterlegare 324 millionar kroner i kompensasjon etter ekstremvêret «Hans» i fjor gjennom skjønsmiddelordninga.
– Kommunane skal vere trygge på at dei ikkje må stå aleine etter ekstreme vêrhendingar. Utbetalingane i forbindelse med «Hans» er den høgaste kompensasjonen til kommunesektoren etter ei naturhending nokon sinne. Vi har lova at regjeringa skulle stille opp for kommunar og fylkeskommunar som blei råka av ekstremvêret. Og det gjer vi, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
34 kommunar og to fylkeskommunar har allereie fått utbetalt kompensasjon etter ekstremvêret «Hans» i to omgangar, rett før jul i 2023 og i februar i år.
Med dette har den samla kompensasjonssummen auka til nær 1,3 milliardar kroner,
Tilleggssøknad
Det blei i tillegg lagt til rette for at kommunane og fylkeskommunane kunne sende inn tilleggssøknad om skjønsmidlar viss skadane var meir omfattande enn det dei fyrst oppdaga.
Departementet har no handsama desse tilleggssøknadane, og ytterlegare 324 millionar kroner blir utbetalt til råka kommunar og fylkeskommunar.
Utbetalast før jul
Kommunar og fylkeskommunar kan få delvis kompensasjon for utgifter til handtering av den akutte krisesituasjonen, og opprydding og reparasjon av kommunal infrastruktur. I samband med «Hans» kunne òg kostnader til opprydding på anna enn kommunal infrastruktur bli dekka innafor ordninga, der kostnadene ikkje blei dekt av andre ordningar.
Kommunane skal rapportere på bruken av skjønsmidlane. Dei kan i samband med sluttrapporteringa søkje om ytterlegare tilskot, basert på endeleg rekneskap. Pengane blir utbetalt 27. desember 2024.
Tabellen under viser fordelinga av pengane som no blir utbetalt til 18 kommunar og Innlandet fylkeskommune.
Kommune/fylkeskommune | Utbetalt beløp |
3232 Nittedal | 3 600 000 |
3236 Jevnaker | 2 648 000 |
3305 Ringerike | 10 000 000 |
3310 Hole | 3 097 000 |
3318 Krødsherad | 1 671 000 |
3324 Gol | 2 600 000 |
3328 Ål | 56 055 000 |
3405 Lillehammer | 410 000 |
3407 Gjøvik | 13 700 000 |
3419 Våler | 5 900 000 |
3422 Åmot | 1 580 000 |
3439 Ringebu | 9 030 000 |
3442 Østre Toten | 50 500 000 |
3447 Søndre Land | 4 821 000 |
3448 Nordre Land | 55 000 000 |
3449 Sør-Aurdal | 5 840 000 |
3451 Nord-Aurdal | 21 000 000 |
3453 Øystre Slidre | 5 668 000 |
34 Innlandet | 71 100 000 |
Sum | 324 220 000 |