35 lærarutdanningar får unntak frå karakterkrava

Frå i haust får lærarutdanningar ved 12 universitet og høgskular fritak frå nivåkrava. Målet er å styrke rekruttering til lærarutdanningane i heile Noreg.

– Vi treng fleire lærarar, men dei karakterkrava vi har i dag, hindrar motiverte folk frå begynne på ei lærarutdanning. No gir vi dei utdanningane som har søkt om det, dispensasjon frå krava. Det betyr at vi allereie frå i haust kan ta opp fleire lærarstudentar over heile landet. Slik sikrar vi at barn og unge i framtida vil bli møtt av lærarar med ei solid utdanning i ryggen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Regelendringar opnar for dispensasjon

I dag finst det nasjonale karakterkrav på to typar utdanningar i Noreg: sjukepleiar- og lærarutdanningar. Det er lokale nivåkrav på enkelte studiar, men for dei aller fleste andre utdanningar er det i hovudsak generell studiekompetanse som er kravet.

Det var i stortingsmeldinga om opptak til høgare utdanning at regjeringa melde at dei ville fjerne nivåkrava for opptak til sjukepleiarutdanninga, og la dei lærarutdanningane som ønska det, søke om dispensasjon frå desse krava. Dette har Stortinget slutta seg til, og no har Kunnskapsdepartementet vedtatt dei nødvendige forskriftsendringane. For å få fritak frå karakterkrava i lærarutdanningane, må  institusjonane ha tiltak som varetek dei same omsyna som karakterkrava er meint å vareta. Dette har institusjonane gjort greie for i dispensasjonssøknadane.

- No skal vi lære og skaffe oss kunnskap om konsekvensane av karakterkrava. Eg er trygg på at universiteta og høgskulane sikrar god kvalitet i utdanningane. No vil vi få utdanna endå fleire dyktige lærarar, seier Hoel.

Desse universiteta og høgskulane får unntak frå karakterkrava

Til saman 12 universitet og høgskular har fått dispensasjon frå krava på ei eller fleira av dei ulike lærarutdanningane sine, anten frå alle nivåkrava, eller berre frå karakterkravet i matematikk.

Til saman gjeld dette 35 ulike lærarutdanningar, både til grunnskulelærar, lektor og i praktisk-estetiske fag.

Det betyr at etter at hovudopptaket er ferdig i sommar, kan institusjonane gjennom lokale opptak ta opp søkarar som ikkje oppfyller dagens krav til karakter i norsk og matematikk.

– Eg er trygg på at universiteta og høgskulane vil sikre lærarutdanningar av høg kvalitet. Studentane må framleis oppnå dei same læringsmåla. Ein blir ikkje lærar utan å ha oppnådd desse. Det er kva studentane kan når dei er ferdig utdanna som er viktig, ikkje kva dei kan når dei startar, seier Hoel.

  • Høgskolen i Østfold
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
  • Høgskolen i Volda
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
  • Høgskulen på Vestlandet
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
  • NLA Høgskolen
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
  • Nord universitet
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
    • Samisk Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13
    • Lektorutdanning
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–10
  • OsloMet – Storbyuniversitetet
    • Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, design, kunst og handverk
  • UiT – Norges arktiske universitet
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
    • Lektorutdanning i realfag
    • Lektorutdanning i språk- og samfunnsfag
  • Universitetet i Sørøst-Norge
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
    • Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13

Desse utdanningane får dispensasjon frå karakterkravet i matematikk:

  • Høgskolen i Innlandet
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
    • Lektorutdanning
    • Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13
  • MF vitenskapelig høgskole
    • Lektorutdanning
  • Universitet i Agder
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
    • Lektorutdanning med engelsk i første studieår
    • Lektorutdanning med framandspråk i første studieår
    • Lektorutdanning med historie første studieår
    • Lektorutdanning med idrett i første studieår
    • Lektorutdanning med norsk i første studieår
    • Lektorutdanning med religion i første studieår
    • Lektorutdanning med samfunnskunnskap i første studieår

Desse får utdanningane dispensasjon frå karakterkravet i matematikk og krav til skulepoeng:

  • Samisk høgskole
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
    • Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10