Statsbudsjett 2024

4 millionar kroner til UNESCO-geoparkar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår 4 millionar kroner til drift av Noregs fire geoparkar.

– Dei norske geoparkane har ei fantastisk spennande geologisk historie. Dei er viktige for å spreie kunnskap om vår felles kultur- og naturarv, og for å samle merksemd kring berekraftig bruk av naturresursar. For å sikre ei god drift av parkane foreslår regjeringa å løyve ein million kroner til kvar park, til saman fire millionar kroner, seier næringsminister Jan Christian Vestre

Noreg har fire UNESCO-geoparkar: Trollfjell i Nordland og Trøndelag, Gea Norvegica i Telemark, Magma i Rogaland og Geopark Sunnhordland på Vestlandet. Ein UNESCO-geopark er eit område med ein geologisk arv av unik internasjonal betydning. Geoparkane bruker denne arven til å formidle geologisk kunnskap.