492 millionar kroner til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar

Organisasjonar som Kreftforeininga, Luftambulansen og Norske Sanitetskvinner får no utbetalt 492 millionar kroner frå Norsk Tippings overskot. Dette er ein auke på 42 millionar kroner frå i fjor.

– Vi vil at alle uansett bakgrunn skal få vere med i fellesskapa våre. Det er viktig i seg sjølv, men det er også førebyggjande. Desse organisasjonane gjer ein utruleg viktig innsats for å skapa gode møtestader for alle. Då må dei få bruke tida si på det dei er best til – nemleg å hjelpe andre. Difor er midlane frie slik at dei sjølve kan velje kva dei vil gjere med dei, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Kirkens Bymisjon er den største mottakaren i år, og får 88 millionar kroner.

56,6 millionar kroner av potten er utbetalingar som følgje av vedtak i klagesaker.