5 millionar kroner til ingeniørutdanning på Stord
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.11.2020
Regjeringa vil gje Høgskulen på Vestlandet (HVL) 5 millionar kroner ekstra for å finansiere ei ingeniørutdanning på Stord. Utdanninga blir ein del av den såkalla Stord-modellen, og rettar seg mot personar som har fagskuleutdanning, og som jobbar i Aker Solutions og andre bedrifter i regionen.
- På Stord har næringslivet, fagskulen og høgskulen lenge hatt eit godt samarbeid for å styrke kompetansen til bedriftene. Med 5 millionar kroner ekstra legg vi til rette for at HVL kan tilby ei ingeniørutdanning for dei tilsette i bedriftene på Stord, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Studentane som skal ta denne ingeniørutdanninga må ha ei fagskuleutdanning i botn som vil gje fritak for deler av utdanninga. Studentane arbeider redusert medan dei tar den resterande delen av ingeniørutdanninga på to år.
- Med Aker Solutions i spissen, har Stord-miljøet tatt det ansvaret for kompetanseutviklinga til dei tilsette som vi ønsker at næringslivet skal ta. Dei har investert i utdanning, etablert samarbeidsmodellar, lagt arbeidstida til rette, og dekt delar av lønningane til dei tilsette. Høgskulen på si side legg til rette for eit fleksibelt og framtidsretta tilbod av høg kvalitet. Dette er ein modell som vi ønsker å sjå fleire stadar i landet, seier Asheim.
Partane skal no inngå ein forpliktande avtale om gjennomføringa av modellen.