50 millionar kroner til 17 universitet og høgskular for å auke talet på praksisplassar i helse- og sosialfagutdanningane

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Tilgang på praksisplassar er ein av dei største flaskehalsane for å få utdanna meir helsepersonell. Difor deler regjeringa ut pengar til å dekke utgifter til reise og bustad for studentar som har praksisplass langt unna studiestaden. NTNU, UiT – Noregs arktiske universitet, Høgskulen på Vestlandet og VID vitenskapelige høgskole i Oslo er blant dei som får mest.

– Vi må ta heile landet i bruk som praksisarena. Regjeringa har oppretta fleire studieplassar, men dette krev også fleire praksisplassar. I 2022 følger vi opp med direkte støtte til utdanningsinstitusjonar for å gjere det lettare for studentar å ha praksisplass langt frå campus. Godt nytt for kommunane og dei om lag 3500 studentane som no kan få støtte til ein praksisplass, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.  

Løyvinga på 50 millionar kroner kom i revidert nasjonalbudsjett i 2022. Pengane er no tildelte 17 statlege og private universitet og høgskular. Regjeringa har tidlegare løyvd pengar til 300 nye studieplassar i sjukepleiarutdanning og spesialsjukepleiarutdanningane, og bedt universitet og høgskular om å etablere 200 nye studieplassar i sjukepleiarutdanning innanfor eksisterande rammer.

Slik er midlane fordelte:

Institusjon

Beløp, kr

NTNU

14 756 800

UiT - Noregs arktiske universitet

5 760 000

VID vitenskapelige høgskole - Campus Diakonhjemmet Oslo

5 465 600

Høgskulen på Vestlandet

5 363 200

Universitetet i Søraust-Noreg

5 300 800

Høgskulen i Innland

3 422 400

Nord Universitet - helsefagene

2 828 800

Høgskulen i Molde

1 382 400

Høgskulen i Volda

1 382 400

Nord Universitet - sosialfag

1 312 000

Lovisenberg Diakonale Høyskole

681 600

VID vitenskapelige høgskole - Campus Haraldsplass Bergen

659 200

Universitetet i Oslo

440 000

VID vitenskapelige høgskole - Campus Helgeland

409 600

VID vitenskapelige høgskole - Campus Diakonhjemmet Sandnes

384 000

Universitetet i Stavanger

292 800

Universitetet i Bergen

158 400