50 millioner til katapult-senter

Dette innholdet er mer enn 8 år gammelt.

Regjeringa vil bruke 50 millionar kroner til nye testsenter for næringslivet. På dei såkalla katapult-sentra kan verksemder og FoU-aktørar teste ut sine idear og løysingar.

- Noreg er i omstilling og næringslivet må tenkje nytt. Mange bedrifter har behov for å teste ut nye idear og løysingar i utviklingsarbeidet sitt. Betre høve for testing kan hjelpe fram nye industrielle suksessar og gi fleire bein å stå på for norsk økonomi, seier næringsminister Monica Mæland.

Fleire store bedrifter har lenge drive med forsking og utvikling, men det har vore vanskelegare for små og mellomstore aktørar å få testa sine idear.

- For fiskerinæringa kan desse test-sentra dekkje behov for å utnytte restråstoff betre. Heile fisken må i større grad utnyttast fordi dette bidreg til meir mat, fôr og andre produkt, og berekraftig utnytting av ein knapp ressurs i global samanheng, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Kortare veg frå idé til marknad

Næringslivet står ovanfor store og raske teknologiske endringar. I mange marknader kan det å vere først ute med si løysing vere avgjerande for å vinne konkurransen.

- Ved å teste nye løysingar i Noreg vil vi korte ned tida og kostnadane på vegen frå idé til marknad. Norske testsenter kan derfor vere eit avgjerande konkurransefortrinn for næringslivet, seier næringsministeren.

I dag gjennomfører mange av verksemdene testar av utstyr og nye løysingar i utlandet. Gode testfasilitetar her heime vil føre til at fleire kan teste i Noreg. Det kan også føre til at internasjonale bedrifter blir trekte til Noreg, og vel å etablere og utvikle sine FoU-aktivitetar her.

- Med denne løyvinga vil vi kunne teste ut ny kunnskap og teknologi for næringslivet, seier Mæland. 

Inspirert av Storbritannia

Myndigheiter i fleire andre land har betra vilkåra for testing og pilotering for næringslivet. I september gjesta næringsministeren Storbritannia for å sjå nærare på den britiske ordninga. Sentra i Storbritannia tilbyr avansert utstyr for testing og pilotering, ekspertise og nettverk.

- Vi er inspirerte av den britiske ordninga, og er interesserte i den erfaringa dei har med desse sentra i Storbritannia. Det er mange skilnader mellom industrien i Noreg og andre land, men vi kan lære mykje ved å sjå kva grep andre gjer for å auke nyskapinga, seier Mæland.

Regjeringa vil kome nærare tilbake til innretting i industrimeldinga som blir lagt fram i 2017.