Statsbudsjettet 2024
5,5 millionar kroner til kartlegging av kunstgrasbaner
Pressemelding | Nr: 58/23 | Dato: 06.10.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Fotballen står overfor ei stor omstilling, og den vil regjeringa bidra til. Det er viktig både fordi gummigranulat er ei betydeleg miljøutfordring vi må løyse, og fordi vi ønsker at flest mogleg barn og unge kan vere aktive på fotballbaner over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa foreslår å løyve 5,5 millionar kroner for å bidra til kartlegging av alle kunstgrasbaner i Noreg. Kartlegginga er viktig for å få vite meir om behovet som vil oppstå når kunstgrasbaner må erstatte gummigranulat med eit meir berekraftig alternativ.
– Norges Fotballforbund får no midlar til dette, og vi vil følge opp vidare, seier Jaffery
Gummigranulat er den nest største kjelda til utslepp av mikroplast i Noreg – om lag 30 prosent av det totale mikroplastutsleppet frå landbaserte kjelder. Det europeiske kjemikaliebyrået, European Chemicals Agency (ECHA) anslår at 42 000 tonn av mikroplasten som er tilsett i ulike produkt ender opp i miljøet kvart år. 16 000 tonn av dette er granulat som er brukt i kunstgras.
Fotballen er den største barne- og ungdomsidretten i Noreg, og også den største jenteidretten. Det er nær 2 000 kunstgrasbanar i Noreg. Om lag halvparten av desse er eigd og drifta av idrettslag. Å erstatte gummigranulat på desse banene er ei stor omstilling.
Kultur- og likestillingsdepartementet har tidlegare støtta utprøving av alternativ til gummigranulat på seks baner gjennom prosjektet KG 2021. Rapporten som vart lagd fram i midten av september viser at det er fullt mogleg å byggja meir miljøvennlege banar til heilårsbruk, men at ein må sjå på heile oppbygginga til banen når ein vurderer fyllet ein skal bruka i framtida.
Det kommande forbodet mot kjøp og sal av gummigranulat er venta å ha ein overgangsperiode på åtte år. Det vil seie at forbodet trer i kraft i 2031. Forbodet er ein del av eit større forslag under EUs kjemikalieregelverk (REACH) om forbod mot å omsette ei rekke produkt tilsett mikroplast (kosmetikk, reingjeringsprodukt, landbruksprodukt m.fl.).