60-årsjubileum blir markert med statsbesøk frå Tanzania
Nyheit | Dato: 13.02.2024 | Utanriksdepartementet
Tanzanias president Samia Suluhu Hassan og fleire andre tanzanianske ministrar besøkjer Noreg 13. og 14. februar. Besøket markerer 60-årsjubileet for diplomatiske band mellom Noreg og Tanzania.
Etter invitasjon frå Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja, går no føre seg det første tanzanianske statsbesøket til Noreg sidan 1976.
Program som speglar breitt samarbeid om utvikling, energi og mattryggleik
Besøket blir opna tysdag 13. februar med offisiell velkomstseremoni. Deretter følgjer kransenedleggingar på Akershus festning og besøk til Stortinget. Onsdag ettermiddag er NHO og «Norwegian-African Business Association» vertskap for eit fullteikna norsk-tanzaniansk næringslivsseminar. Dagen blir avslutta med gallamiddag på Det kongelege slottet.
Onsdag 14. februar startar hos Oslo Energy Forum, der presidenten deltek på opningssesjonen i forumet, saman med statsminister Jonas Gahr Støre, den amerikanske spesialutsendingen for klima, John Kerry og konsernsjef i Equinor, Anders Opedal. Deretter er president Samia Suluhu Hassan invitert til møte med statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide i representasjonsanlegget til regjeringa.
Det offisielle programmet blir avslutta med eit seminar på Klimahuset om samarbeidet mellom Noreg og Tanzania om klima og mattryggleik, der utviklingsminister Tvinnereim er vertskap.