6,7 millionar til kompetansetiltak innan plan, kart og geodata

Kommunal- og distriktsdepartementet har fordelt 6,7 millionar kroner i tilskot til ei rekke prosjekt og tiltak rundt om i landet. Midlane skal vere med på å auke effektiviteten og kvaliteten på samfunns- og arealplanlegginga.

Tilskota blir gitt til ulike verksemder, organisasjonar og faglege nettverk. Løyvinga frå departementet skal auke kompetansen innan planlegging og utvikling av kart og geodata i privat og ideell sektor.

- Det er viktig at alle involverte i planprosessar har god kunnskap om sine rettar, plikter og om gangen i planarbeid. Dei tiltaka som no får tilskot, vil komme deltakarane i planprosessar til gode, inkludert innbyggarar, folkevalde, planleggarar, organisasjonar og næringsliv, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Det er to prioriterte tilskotsmottakarar i årets tildeling. Dette er BYLIVsenteret i regi av Norske arkitekters landsforbund (NAL), som får tilskot til drift på ein million kroner, og Sekretariatet for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) som får tilskot til drift på ein million kroner. Begge arbeidar  med å auke den offentlege plankompetansen. Restbeløpet på kr 4.700.000 vart utlyst med søknadsfrist 15. april.

I år har departementet fått 59 søknader. Det samla søknadsbeløpet var på ca. 20 millionar kroner. Beløpet det vart søkt om i 2023 var 13,1 millionar kroner, noko som vitnar for stor og aukande interesse for ordninga.

- Vi vonar at prosjekta som no får midlar vil bidra til at kommunane og fylkeskommunane lukkast med god medverking i planarbeidet, at planane har god kvalitet og teknisk standar og at prosessane går effektivt, seier statsråden.

Desse får tildelt tilskot i 2024:

  • 3D/Analyse
  • Arkitektum
  • Byantropologene AS, Grindaker AS Landskapsarkitekter
  • BYLIVsenteret
  • Civitas
  • Digin
  • Forum for kommunal planlegging (FKP)
  • Forum for natur og friluftsliv Oslo og Akershus
  • Forum for utdanning i samfunnsplanlegging (FUS)
  • Sekretariat for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS)
  • Geoforum
  • Habitat Norge
  • Holth og Winge
  • KS - Avdeling for samferdsel, plan og miljø
  • Norsk bolig- og byplanforening (BOBY)
  • Norsk kommunalteknisk forening
  • Norsk Sentrumsutvikling
  • Norske arkitekters landsforbund
  • Open House Bergen
  • Open House Oslo
  • Salt Lofoten AS
  • Transport-økonomisk institutt
  • Kart og Plan/TEKNA

Resultat og eksempel frå prosjekt som tidlegare har fått tilskot finn du på denne sida:

Kompetanseprosjekter - plan, kart og geodata (regjeringen.no)

Meir om ordninga: Søk om tilskudd til kompetansetiltak innen plan, kart og geodata - frist 14. april (regjeringen.no)

Tilskotet er omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal - og moderniseringsdepartementet under kap. 590 "Planlegging og byutvikling", post 81.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.