Statsbudsjettet 2024
7 milliardar kroner meir til distriktspolitikken i 2024
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Distriktspolitikken skal styrkast og fornyast. Regjeringa har som mål at folk skal kunne leve gode liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping og at folketalet skal auke i distriktskommunar.
– Regjeringa har store ambisjonar for distrikta, og årets budsjett tar oss eitt viktig skritt i riktig retning, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Regjeringa forsterkar ei rekke distriktspolitiske tiltak innafor ulike departement sine ansvarsområder. Samla foreslår regjeringa 67,4 milliardar kroner til den breie distriktspolitikken. Dette er ei auke på 11,6 prosent frå saldert budsjett 2023.
Ein vellykka distrikts- og regionalpolitikk føreset innsats på fleire politikkområde.
Budsjettforslaget omfattar derfor mange tiltak som er avgjerande for utviklinga i Distrikts-Noreg.
– Vi foreslår mellom anna auka tilskot til utbygging av høghastigheits breiband, forbetra flyrutetilbod og halverte maksprisar på FOT-rutene, fleire tiltak for å styrkje lokalt politi og halverte barnehageprisar i 189 distriktskommunar. Dette er tiltak som gjer at folk skal kunne leve eit godt liv uansett kvar i Noreg dei bur, seier Gjelsvik.
Regjeringa vil òg auke Finnmarksfrådraget og styrkje ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift gjennom auka fribeløp.
Regjeringa foreslår òg å løyve 1,55 milliardar kroner til særskilte distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel. Dette er ei auke på 21,2 prosent samanlikna med saldert budsjett i 2023 og er ein målretta innsats mot særleg strategisk viktige område der utfordringane ikkje kan løysast av sektorpolitisk innsats aleine. Å mobilisere verksemder til innovasjon, vekst og nyskaping i regionane er god distriktspolitikk. Derfor foreslår regjeringa mellom anna å løyve om lag 930 millionar kroner til distriktsnæringslivet.
– Vi foreslår òg å styrkje ordninga med bygdevekstavtaler med 50 millionar kroner. Dette skal bidra til busetting, tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse og framtidsretta næringsutvikling i nokre av dei mest spreiddbygde områda av Noreg. Bygdevekstavtaler gir rammer for samarbeid mellom nokre av dei minste kommunane og staten om lokale utfordingar og løysingar som kan kome fleire til gode. Andre relevante aktørar er òg med. Dette er eit nytt grep i distrikts- og regionalpolitikken, seier Gjelsvik.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22242500
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no