Statsbudsjettet 2025

74 millionar til bygdevekstavtaler

Regjeringa held fram med ei sterk satsing på bygdevekstavtaler, og foreslår 74 millionar kroner til gjennomføring av avtalene i 2025.

– Avtalene er gode verktøy for å teste ut framtidsretta løysingar i distriktskommunar. Regjeringa vil derfor vidareføre satsinga på tiltak i bygdevekstavtalanet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Bygdevekstavtalene skal legge til rette for at partane i avtalen saman skal arbeide for å løyse lokale utfordringar. Det kan til dømes vere utfordringar som rekrutering til og organisering av helsetilbodet, utvikling av kollektivtilbod og utfordringer knyt til bustadmarknaden Gjennom heile perioden legg regjeringa opp til å bruke over 300 millionar kroner på bygdevekstavtalane.

– Pengane går fyrst og fremst til kommunane og lokalt tilpassa tiltak. Samstundes brukar vi òg pengar på aktørane som er med og støttar kommunane i arbeidet. Dette skal auke kapasitet, kompetanse og kvalitet, seier Sande.

I fjor haust blei fem nye område i Innlandet, Telemark, Troms, Møre og Romsdal og Vestland vald ut som pilotar. I tillegg har regjeringa tidlegare signert fem bygdevekstavtaler - to i Trøndelag og tre i Finnmark. Ordninga omfattar no 35 kommunar i sju ulike fylke, fordelt over heile landet. Totalt legg regjeringa opp til ei løyving på om lag 74 millionar kroner til arbeidet i 2025.

– Eg er opptatt av at tiltaka skal ha overføringsverdi til andre kommunar. Kommunar med og utan bygdevekstavtaler skal kunne lære av dei tiltaka som vert testa gjennom bygdevekstpilotane, seier Sande. 

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no