82,7 millionar til skreddarsydd og gratis utdanning

Regjeringa deler no ut pengar til korte og relevante etter- og vidareutdanningar i fem bransjar. Målet er at tilsette får viktig påfyll, og at bedriftene får den kompetansen dei treng.

–  Dei store samfunnsutfordringane, omstilling i næringslivet og fornying i offentleg sektor krev at vi satsar på kompetanseheving. Desse pengane skal bidra til å gi tilsette og bedrifter i heile landet oppdatert kunnskap, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Desse bransjane får pengar til utdanningstilbod:

  • Avfalls- og gjenvinningsbransjen kr 11 461 313
  • Industri - og byggjenæringa kr 11 119 955
  • Jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa   kr 11 544 276
  • Finansnæringa kr 22 005 353
  • Informasjonstryggleik og IKT-bransjen kr 26 545 562

Bransjeprogramma er eit spleiselag. Staten betaler for at fagskular, høgskular, universitet og andre kurstilbydarar skal utvikle og drifte relevante tilbod. Bedriftene og den enkelte tilsette investerer si tid.

Målet er at tilsette, permitterte og ledige i bransjar med særleg behov for endring får nødvendig kompetanse til å meistra nye oppgåver, og dermed blir i jobben.

Tett samarbeid med arbeidslivet

– Sidan vi kom inn i regjeringskontora i 2021 har vi lagt stor vekt på å styrke fagskulane, satse på kompetanseutvikling og samarbeide tett med partane i arbeidslivet om læring heile livet, seier Hoel.

Det er partane i arbeidslivet som har foreslått kva bransjar som bør ha bransjeprogram.

Program innan avfalls- og gjenvinningsbransjen, jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa er inne i sitt tredje og siste år med bransjeprogram. Programmet for industri - og byggenæringa blir vidareført for ein ny treårsperiode

To nye bransjeprogram

Programma innanfor finansnæringa og informasjonstryggleik og IKT-bransjen er nye og er under utvikling.

– Finansnæringa har dei seinare åra møtt nye krav, mellom anna til grøne og berekraftige investeringar. Dette gir behov for ny og oppdatert kompetanse. Informasjonstryggleik og IKT treffer fleire sektorar. Dette bransjeprogrammet vil difor kunne føre til at mange får påfyllet dei treng, seier Hoel.

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som administrerer bransjeprogramma.

– Vi ser at bransjeprogramma er etterspurde og treffer godt. Det gode samarbeidet med partane i arbeidslivet gjer at vi får etablert ei rekke korte og fleksible utdanningstilbod som er skreddarsydde til behovet i bransjane, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.

Fakta

  • I 2024 kom det inn 107 søknader.
  • Totalt vart det søkt om: 250 millionar kroner for utvikling og gjennomføring i 2024-2027.
  • Tildeling 2024: 82,7 mill. kr. til 53 prosjekt.

 

Søker

Sakstittel

 Tilsagnsbeløp

AOF FAGSKOLEN

HMS-leiing i avfalls- og gjenvinningsbransjen – modul 5stp

1 676 611

AOF FAGSKOLEN

Prosjekt- og anleggsleiing i avfalls- og gjenvinningsbransjen - modul 5stp

1 676 611

AOF FAGSKOLEN

Operativ leiing på arbeidsplassen for fagarbeidarar - Fagskulemodul 5 studiepoeng

1 244 617

AOF VESTLANDET - AGDER

Prosjekt- og anleggsleiing i avfalls- og gjenvinningsbransjen-  kurs

1 715 135

AOF VESTLANDET - AGDER

Cloud computing

1 478 816

FAGSKOLEN I VIKEN KOMMUNALT OPPGAVEFELLESSKAP (FIV)

Bygg- og anleggsavfall

911 153

FAGSKOLEN I VIKEN KOMMUNALT OPPGAVEFELLESSKAP (FIV)

Berekraftig energiformer

1 130 953

FAGSKOLEN I VIKEN KOMMUNALT OPPGAVEFELLESSKAP (FIV)

Sky og virtualiseringsteknologi

911 153

FAGSKOLEN I VIKEN KOMMUNALT OPPGAVEFELLESSKAP (FIV)

Kunstig intelligens og maskinlæring

911 153

FAGSKOLEN VESTFOLD OG TELEMARK AVD PORSGRUNN

Ekomteknikar

3 650 000

FAGSKOLEN VESTFOLD OG TELEMARK AVD PORSGRUNN

Industri 6.0

1 905 000

FØNIX AS

Avfallshandtering og arealplanlegging

534 750

FØNIX AS

Sikkerheitsleiing innan brannvern og industrivern

832 850

FØNIX AS

Yrkeshygiene

832 850

FØNIX AS

Det grøne skiftet

534 750

HØGSKOLEN I INNLANDET LILLEHAMMER

Kompetanseutvikling for Informasjonstryggleik - og IKT bransjen

3 861 654

HØYSKOLEN FOR YRKESFAG AS

Berekraft i byggenæringa

1 534 190

HØYSKOLEN KRISTIANIA - ERNST G MORTENSENS STIFTELSE

Skysikkerheit

1 014 602

HØYSKOLEN KRISTIANIA - ERNST G MORTENSENS STIFTELSE

Halvårsstudium i IKT-fag

1 294 907

INNLANDET FYLKESKOMMUNE

Kyrkjerestaurering - ei teoretisk innføring

2 537 500

INNLANDET FYLKESKOMMUNE

Modulutdanning Industri 5.0 - fordjuping i metall

1 675 180

INNLANDET FYLKESKOMMUNE

Kvalitet for berekraftig omstilling i landbruket, omarbeidde Kvalitetsrevisor

1 764 750

NORD UNIVERSITET BODØ

Digital kamp mot finansiell kriminalitet

2 525 000

NOREGS MILJØ- OG BIOVITENSKAPLEGE UNIVERSITET (NMBU) CAMPUS ÅS

Dimensjonering av trekonstruksjonar i samsvar med ny Eurokode 5

1 150 830

NOREGS TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE UNIVERSITET NTNU

Maskinlæring i bank og finans

2 218 848

NORGES TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE UNIVERSITET NTNU

Innføring i kunstig intelligens for bank og finans

5 105 000

NTNU FAKULTET FOR INFORMASJONS- TEKNOLOGI OG ELEKTRONIKK

EVU Store språkmodellar og innovasjon

1 728 800

NTNU FAKULTET FOR NATURVITENSKAP

Berekraft for finanssektoren

3 178 473

OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET

Sirkulær byggforvalting

555 431

OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET STUDIESTED PILESTREDET

Grøn prosjektleiing: Digital innovasjon i byggenæringa

1 291 254

PRIOS KOMPETANSE AS

Kompetanseutvikling Formål 6 Digital innføringskurs for nytilsette og gjestearbeidarar

619 450

PRIOS KOMPETANSE AS

Kompetanseutvikling Formål 2 Yrkesnorsk for tilsette

814 700

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

FR IT og Cybersikkerheit

954 500

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

FR IT og digitalisering

974 500

SKOGKURS

Gravemaskin i skog - feltkurs

1 254 850

STIFTELSEN HANDELSHØYSKOLEN BI

Berekraft i kreditt og utlån for bedriftsrådgivarar

2 784 921

STIFTELSEN HANDELSHØYSKOLEN BI

AI i finansnæringa

2 762 468

STIFTELSEN HANDELSHØYSKOLEN BI

Berekraftig finans

1 460 643

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - formål 4 - Kvalitet og miljø i offentlege anskaffingar

1 185 970

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - formål 6 - Sirkulærøkonomi - ombruk

1 059 347

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - formål 5 - Avfallshandtering og arealplanlegging

1 036 036

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Informasjonssikkerheit og IKT: Handtering av personvern, etikk og GDPR

1 224 430

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Informasjonstryggleik og IKT: Bestillerkompetanse

1 224 430

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Informasjonssikkerheit og IKT: Digital sårbarheit og tryggleik

1 224 430

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Formål 3 – Leiarfag for dei 3 næringane

1 325 695

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Profesjonell skjøtsel og forvalting av skogeigedom

1 568 023

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Trygg bruk av motorsag og ryddesag tilpassa landbruket

1 067 040

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Biologisk plantevern

947 158

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Varme arbeid i landbruket

845 015

STUDIEFORBUNDET AOF NORGE

2024 Bransjeprogram - Formål 6 -  Spelereglar i arbeidslivet, partssamarbeid og kulturell forståing

802 845

UNIVERSITETET I BERGEN

Energiomstilling og berekraft for finansnæringa

1 970 000

UNIVERSITETET I BERGEN DET MATEMATISK-NATURVITENSK FAK

EVU - Cybersecurity for bransjeprogram

2 874 864

UNIVERSITETET I SØRAUST-NOREG CAMPUS PORSGRUNN

Grunnleggande programmering med Python

1 312 323