8,3 millionar kroner meir til digitale fellesløysingar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa løyver 8,3 millionar kroner meir til utvikling og drift av nasjonale fellesløysingar som Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for. – Dette gjer det mogleg å fortsette moderniseringa av dei viktige digitale byggeklossane, som ID-porten og kontakt- og reservasjonsregisteret, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fellesløysingane er ei sentral drivkraft i digitaliseringa av det offentlege Noreg og utgjer viktige delar av den digitale infrastrukturen som både kommunar og statlege verksemder er avhengig av. Fellesløysingane sikrar raskare, billigare og meir brukarvennleg digitalisering.

- Fellesløysingane er avgjerande for at offentlege verksemder skal kunne tilby gode digitale løysingar på ein einsarta og sikker måte. Innbyggjarane treng også sikker innlogging til offentlege digitale tenester. Vi prioriterer derfor denne løyvinga i nysalderinga av 2022-budsjettet, seier Gjelsvik.

ID-porten og kontakt- og reservasjonsregisteret har opplevd ein stor auke i bruk. Frå 2016 til 2021 er auken i innloggingar til ID-porten på heile 250 prosent. Den store auken i bruk held fram i 2022.

Digitaliseringsdirektoratet har derfor behov for å gjennomføre tiltak for å styrkje grunnlaget for auka bruk, vidareutvikling og tryggleik i dei nasjonale fellesløysingane. Dette vil også leggje til rette for at direktoratet kan halde fram med å kople nye digitale tenester mot fellesløysingane sine i framtida.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no