90 millionar kroner til internasjonalt utdanningssamarbeid

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa gir 13 norske universitet og høgskular 90 millionar kroner til internasjonalt utdanningssamarbeid med partnarar i Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea, USA og Canada.

– Desse løyvingane vil styrke Noreg som kunnskapsnasjon. Eg er glad for å sjå at prosjekta vi no støttar legg opp til at fleire studentar kan dra på utveksling til våre prioriterte samarbeidsland, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Regjeringa har som mål å etablere og styrke utdanningssamarbeidet med nokre utvalde land utanfor Europa. Totalt 30 prosjekt får stønad. UiT – Noregs arktiske universitet og NTNU toppar lista med flest tildelte prosjekt. USA er det største samarbeidslandet, følgd av Brasil og Kina. Fagområda teknologi og naturvitskap utgjer over halvparten av prosjekta, medan samfunnsfag utgjer om lag ein firedel.

Arbeidspraksis i utlandet

Universitetet i Tromsø får løyving for å tilby internasjonal arbeidspraksis til studentar innan geovitskap og universitetet skal arbeid for å styrke arbeidsrelevansen til geovitskapleg utdanning. UiT har òg eit samarbeid med India og Brasil om humaniora, som skal styrke utdanning som handlar om klimaendringar. Prosjektet skal inkludere perspektiv og kunnskap frå urfolk i utsette regionar i Arktis, Amazonas, Sør-Asia og Himalaya.

OsloMet får løyving til samarbeid med Japan og Kina om utdanning som styrkar kompetanse på smart og berekraftig infrastruktur for veg og jernbane, medan Universitetet i Agder mellom anna skal samarbeide med Canada og India for å styrke informasjons- og kommunikasjonsteknologiutdanningane.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir.) står for tildelingane gjennom UTFORSK-programmet.

– Det er gledeleg å sjå at prosjekta koplar utdanning, forsking og arbeidsliv tettare saman. Det er òg positivt at fleire har praksis som ein stor del av prosjektet sitt, og at vel 20 prosent av studentane dermed vil ha arbeidspraksis som ein del av utvekslinga si, seier direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse Sveinung Skule.

Desse institusjonane får tildelt midlar:

Norsk institusjon

Tal på prosjekt

UiT Noregs arktiske universitet

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Høgskulen på Vestlandet

Universitetet i Agder

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

OsloMet – storbyuniversitetet

Universitetet i Bergen

Universitetet i Søraust-Noreg

Dronning Mauds Minne Høgskole

Høgskolen i Østfold

Universitetet i Oslo

Universitetet i Stavanger

VID vitenskapelige høgskole

Fakta om UTFORSK

41 prosent av søknadane til UTFORSK 2021 får løyving. Pengane blir fordelte av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) gjennom UTFORSK-programmet. Programmet er eit sentralt verkemiddel i Panorama-strategien, som er strategien til regjeringa for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea, USA og Canada.