926,1 millionar kroner til kulturformål frå speleoverskotet
Pressemelding | Nr: 30/22 | Dato: 06.05.2022 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Tilskot av spelemidlane som går til kulturfrivilligheit og andre kulturformål, er høgare enn nokon gong. Dette bidreg til endå meir kulturaktivitet som gir betre vilkår for mangfald og inkludering i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
– Vi vil ha eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur. Barn og ungdom som spelar i korps, syng i kor, spelar i band eller spelar teater er blant dei som nyt godt av desse tilskota. Vi styrker no Den kulturelle skulesekken, dei når alle barn og unge og er det største tiltaket i tildelinga, seier Trettebergstuen.
Overskotet frå speleverksemda i Norsk Tipping AS blir kvart år fordelt til ulike formål. Det blir mellom anna fordelt 64 prosent til idrettsformål og 18 prosent til kulturformål, i tråd med § 10 i pengespillova.
Fordelinga av spelemidlar til kulturformål (beløp i kroner):
Tiltak – kulturformål |
Fordeling 2022 |
Den kulturelle skulesekken |
310 000 000 |
Frifond |
190 000 000 |
Gåveforsterkingsordninga |
70 000 000 |
Regionale kulturbygg |
56 250 000 |
Bibliotektiltak |
49 700 000 |
Kulturrom |
46 050 000 |
Instrumentfondet |
30 000 000 |
Museumstiltak |
25 750 000 |
Amatørteatertiltak |
23 000 000 |
Nasjonale musikkorganisasjonar |
21 930 000 |
Arkivtiltak |
12 300 000 |
Aktivitetsmidlar for kor |
12 100 000 |
Ungdom og Fritid – aktivitet for ungdom |
11 000 000 |
Scenekunsttiltak |
10 000 000 |
Studieforbud |
9 380 000 |
Folkeakademienes Landsforbund |
8 925 000 |
Frivillighetens år 2022 |
6 000 000 |
Krafttak for sang |
5 610 000 |
Skeivt kulturår 2022 |
5 000 000 |
Historiske spel |
4 100 000 |
Ordningar for kordirigenter |
3 250 000 |
Norske kirkeakademier |
2 190 000 |
Midlar til fordeling seinare i 2022 |
13 543 000 |
Totalt |
926 078 000 |