930 millioner kroner til Norges idrettsforbund for 2025

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vart i dag tildelt totalt 930 millionar kroner frå speleoverskotet til Norsk Tipping. Det er ein auke på 60 millionar kroner. Også eigenorganisert idrett og arbeidet mot doping i idretten vart styrka.

– Vårt mål er at alle barn og unge har moglegheit til å være med på idrettsaktivitetar. Dei siste åra har vi prioritert dette arbeidet sterkt, og saman med fleire store tildelingar og dette tilskotet til NIF, har vi fått løfta idretten betydeleg, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Spelemiddeltilskotet bidrar til at NIF kan fortsette å styrke arbeidet med inkludering, innanfor dei ordinære rammene, spesielt overfor barn og unge og personar med nedsett funksjonsevne. Det er NIF sjølv som formulerer dei konkrete måla og prioriteringane for bruken av spelemidlane.

Meir til eigenorganisert idrett

Regjeringa har også tildelt 11 millionar kroner til Tverga - ressurssenteret for eigenorganisert idrett i Noreg.

– Mange unge føretrekker å drive med aktivitetar på eiga hand, som til dømes skating, frisbeegolf og parkour. Tverga gjer ein viktig jobb med å legge til rette for eigenorganiserte fritidsaktivitetar og er med på å bygge ned barrierar for deltaking, seier Jaffery.

Tilskotet for 2025 skal også gi Tverga moglegheit til å hente inn ny kunnskap om eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i Noreg.

Styrker arbeidet mot doping i idretten

Stiftinga Antidoping Norge har blitt tildelt 48,5 millionar kroner frå speleoverskotet. Det er 2,5 millionar kroner meir enn fjoråret.

– Eit velfungerande antidopingarbeid er ein føresetnad for at idretten kan leve opp til verdiane sine knytt til Fair Play, ærlegdom og like moglegheiter for alle til å delta. Derfor er det viktig for oss å prioritere arbeidet med å gjere idretten dopingfri, avsluttar kultur- og likestillingsministeren.