Fylkesnytt frå Hordaland 2/2014

Dette innhaldet er meir enn 10 år gammalt.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om nær firedobla volum av økologiske eple i Hardanger.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om nær firedobla volum av økologiske eple i Hardanger.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Nær firedobla volum av økologiske eple i Hardanger 

Det varme veret gjorte at frukta mogna rekordtidleg i år og er av god kvalitet. Epla er i hus og pakking og sortering går for fullt ved Hardanger Fjordfrukt. Totalt sett teiknar 2014 til å bli eit godt fruktår.

Samanlikna med i 2013 er volumet av økologiske eple nesten firedobla ved Hardanger Fjordfrukt. No er mesteparten av epla leverte og volumet er kome opp i nesten 40 t, i fjor vart det levert om lag 11 t til pakking. Kvaliteten er svært god, av det som er sortert så langt er om lag 85 prosent klasse 1.

Ved dei andre store fruktlagera i Noreg er det levert om lag same mengde økologisk frukt til pakking som året før. Økologiske eple pakka i 6- og 4-pakning er dei mest populære for daglegvarehandelen,  men eple som er for store eller for små passar ikkje i slike pakningar. Produktutvikling og marknadstilgang for å få omsett heile øko-produksjonen som økologisk er ei viktig utfordring å løyse, for prosjektet Føregangsfylke økologisk frukt og bær. Det vert eit av mange tema på møtene utover hausten, når produsentorganisasjonane møter omsetjingsledd og oppsummerer sesongen.

Er du nysgjerrig på å fylje fleire nyhende frå Føregangsfylke økologisk frukt og bær, kan du sjekke informasjon på den nyoppretta nettportalen for dei seks Føregangsfylka innan økologiske produksjonar:

Vil du få ein fyldigare rapport om fruktsesongen i Hordaland i år, kan du lese om bugnande plommetre og dramatiske vindkast hjå

Avlingane frå økologiske eplefelt aukar i Hordaland, men også Telemark og Viken-området kan vise til auka økologisk fruktproduksjon.
Avlingane frå økologiske eplefelt aukar i Hordaland, men også Telemark og Viken-området kan vise til auka økologisk fruktproduksjon. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

 

Vegval for lokal mat 

Startskotet for auka satsing på meir og betre tilgjengeleg lokal kvalitetsmat er gått, etter at den felles, blågrøne matstrategien «Vegval for lokalmat i Hordaland» vart i september vedteken i fylkesutvalet.

Logo
Vegval for lokalmat, logo. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

Etter opne prosessar med og i næringsmiljøa, diskusjonar og høyringsrundar låg det i summar føre eit framtidsretta strategidokument. Etter vedtaket i Kultur- og ressursutvalet 16.09.14 og nokre dagar seinare i Fylkesutvalet i Hordaland Fylkeskommune, er dette  dokumentet  eit felles verktyg og eit viktig grunnlag for vidare arbeid innanfor matområdet  i fylket vårt.

Det mest  sentrale punktet i matstrategien er Bergen kommune sin søknad om å bli UNESCO Creative City of Gastronomy. Der ligg ein stor moglegheit for etablering av eit godt samarbeid på tvers av primær-næringane, lokalmatprodusentane, gastronomane, det offentlege og ikkje minst publikum, i form av bergensarane og fjord- og kystfolket elles.

Lokalmat må bli meir tilgjengeleg for folk flest og for matbransjen som etterspør stadig meir lokalproduserte produkt. 

Arrangement som Bergen Matfestival er viktige utstillingsglas for lokalmat, som og kan utviklast vidare.

Planmessig ligg med dette alt til rette for at Hordaland og Vestlandet skal kunne halde på og utvide sine posisjonar som leiande lokalmatregion.
  

Barnas Matfestival i Bergen 

For første gong vart det i år skipa til Barnas Matfestival som del av Bergen Matfestival. Born og unge fekk vera med å arrangera festivalen, laga aktivitetar for dei minste og koka og servera i Barnas Restaurant,  som vart ein publikumsvinnar.

Born sto sjølve for matlaging o0g servering i Barnas Restaurant.
Born sto sjølve for matlaging o0g servering i Barnas Restaurant. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

4H stilte med matskule, smoothiessykling, leik med mat (var lov!), smaksteater med Professor Bestemor og ein heilt spesiell 4H Bistro der born laga mat og serverte leikne rettar med lokale matvarer.

Bondelaget stilte med kalv og gris, Oikos med smaksverksted og smaksprøvar for born og Folkelig og Bygdekvinnelaget presenterte sine matskular. 

Engasjementet og arbeidsgleda hjå dei 10 ungdommane og 40 borna som var arrangørar var stort og synleg. Iveren smitta over på andre born og unge og vaksne gjester, og festivalområdet var godt besøkt heile helga. Festivalen produserte barnesmil i stor stil.

Bøndene vant hjarta til bergensarane
Matfestivalen samla i år 90 utstillarboder og over 400 hundre deltakarar. Det er estimert nærare 100 000 besøkande på festivalområdet dagane 5.-7- september.

– Det kjekke med bergensarar er at dei handlar. På andre marknader leverer vi gjerne ut mange smaksprøvar, her seier dei berre «nei, kom igjen, gje meg den osten». Bergensarar er torgfolk, seier Anna Karin Marstein i Undredal Stølsysteri.

– Det er kjekt med alle dei forskjellige smakane, seier ein av besøkande.

Ho var altså ikkje åleine. Kortreist mat er forlengst vorte trenden. På festivalen omsette produsentane for opptil 300 000 kroner kvar. Aktiviteten har auka jamt sidan oppstarten av Bergen Matfestival – «Bønder i byd’n» for 14 år sidan.

Hovudårsaken for etablering av Bergen matfestival var å gi lokalmatprodusentane på Vestlandet i alle fall ein stor sals- og markandsføringskanal med relativt låg terksel for deltaking i året, der dei kunne treffe eit stort og vonaleg kjøpesterkt bypublikum, sidan marknadstilgangen var heller avgrensa for lokalmat. I dag er etterspurnaden jamt stor, og marknadsplassane fleire, heile året. Men det er underdekning på ein del varegrupper, og mykje er sesongvare, så lokalmatfestivalane om hausten er sikraste handelsplass for mange konsumentar og entusiastar. 
  

Inn på tunet og kommunal samhandling

I haust startar eit nytt samarbeidsprosjekt mellom tre kommunar i Hordaland og FoU-miljø på Vestlandet. Målet er betre tverrfagleg samordning når kommunar skal kjøpe velferdstenester frå gardar.

Velferdsstaten står ovanfor viktige utfordringar i åra som kjem; fleire hjelpetrengande og auka fokus på brukarrettar skaper kostnads- og kapasitetsutfordringar, samstundes som det vert etterlyst individuelt tilpassa tilbod (Meld St. nr. 29 2012-2013). Ein del av løysinga er at staten i større grad kjøper tenester frå private aktørar. Inn på Tunet (IPT), kvalitetssikra og tilrettelagte velferdstenester på gard, er ei slik løysing.

Kari Ersland er en av Inn på tunet tilbyderne i Kvinnherad som ønsker å tilby aktivitet med hest innen rusbehandling og grønt arbeid på gård.
Kari Ersland er en av Inn på tunet tilbyderne i Kvinnherad som ønsker å tilby aktivitet med hest innen rusbehandling og grønt arbeid på gård. (Foto: Frøydis Linden)

Tilpassing og kontinuitet
Individuelt tilpassa tilbod er av natur mindre standardiserte, noko som kan gjera det utfordrande for det offentlige å handtera dei. Offentlige forvaltningssystem og tenesteproduksjon har behov for en viss grad av standardisering for å kunne oppnå kontinuitet. Behovet for å kunne forutsjå aktuelle konsekvensar, kan gjera det vanskelig å ivareta kvalitetane som ikkje-standardiserte tenester som Inn på tunet tenester tilbyr. Innkjøp av ikkje-standardiserte tenester kan gjera avtaleutforming utfordrande for partane.

Vestlandskommunar
Gjennom å samanlikne praksis i tre kommunar i Hordaland, vil prosjektet identifisere betre måtar for kommunane å kjøpe inn, organisere og brukartilpassa Inn på tunet-tenester. I tillegg vil prosjektet gjere seg nytte av erfaringar frå Inn på tunet-tilbydarar i Rogaland og Sogn og Fjordane, som har lang erfaring med å tilby eit stort spekter av velferdstenester på gard. Desse erfaringane skal brukast for å stimulera utvikling av nye organisasjons- og samhandingsmodellar, og vidareutvikling av lokalt tilpassa tilbod i prosjektkommunane.

Prosjektorganisering
Kvinnherad kommune er prosjekteigar, og Voss og Bergen kommunar er prosjektdeltakarar. Kommunane har inngått samarbeid med forskingsinstitusjonane Møreforsking og Høgskulen i Bergen. Regionalt forskingsfond løyvde prosjektet inntil 2 millionar kroner ved tildelinga i august 2014. Prosjektet skal gjennomførast i perioden 2014-16.

Betre samhandling
Målet med forskingsprosjektet er å identifisere viktige faktorar for meir effektive, fleksible og praktiske samarbeidsrelasjonar mellom kjøparar og tilbydarar av velferdstenesta på gard som sikrar deltakarane gode og innovative tilbod. Offentlig/privat samarbeid må kontraktsfestast, og innkjøpsordningar er eit godt døme på kritiske situasjonar der manglande kunnskap og rutinar har konsekvensar for det kommunale tenestetilbodet.

Overføringsverdi
Lærdommen frå dette prosjektet vil ha stor overføringsverdi for andre typar offentleg/privat samarbeid. Kommunane skal i løpet av perioden prøve ut konkrete endringar i praksis på bakgrunn av det som kommer fram i forskinga. Dette kan være nye modellar for avklaring av individuelle tenestetilbod, handtering av bestillerkompetanse, og rutinar for eventuelle forhandlingar og justeringar av tenestene.
  

Kulturlandskapsprisen 2014

Bonde Ole Gjermund Digernes er kåra som vinnar av Kulturlandskapsprisen 2014 for hans ekstraordinære innsats for skjøtsel og restaurering av kulturlandskapet på kystgarden Digernes i Stord kommune og Otterøy i Bømlo kommune.

Bildetekst: Bonde Ole Gjermund Digernes vann Kulturlandskapsprisen for Hordaland 2014.
Bonde Ole Gjermund Digernes vann Kulturlandskapsprisen for Hordaland 2014. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

Fylkesordfører Tom-Christer Nilsen overrekker måndag 13. oktober kl 13.00 kr 50 000,- til vinneren ved ei markering i tunet på Digernes.

Vinnaren feirast i tunet etter overekkinga ved helsingar få ordførarane i Stord og Bømlo kommune.

Det er 19. gong Kulturlandskapsprisen i Hordaland overrekkast til ein bonde som tek vare på og utviklar dei kulturhistoriske-, biologiske- og immaterielle verdiane som en finn i jordbrukets kulturlandskap. Vinnaren av kulturlandskapsprisen vert Hordaland sin kandidat til den nasjonale Kulturlandskapsprisen i 2015. Juryen for prisen er Kulturlandskapsgruppa som er breitt samansett faggruppe med representantar frå kommunane, faglaga, fylkeskommunen, fylkesmannen og landbruket si rådgjevingsteneste.

Vinnaren konkurrerte mot 11 andre kandidater frå kystkommunane i Hordaland.

Juryen:

  • Landbruksdirektør Åse Vaag, Fylkesmannen i Hordlaand
  • Leiar Frøydis Haugen, Hordaland Bondelag
  • Leiar Jarle Helland, Hordaland Bonde og Småbrukarlag
  • Politikar Natalie Golis, Hordaland fylkeskommune
  • Leiar Liv Lyngstad, LNorsk Landbruksrådgiving Hordaland
  • Rådgjevar Aase Nøttveit, Fitjar kommune
  • Rådgjevar Solveig Roald, Fylksmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga
  • Forskar Mary Losvik, Universitetet i Bergen

Sekretær for prisen er Fylkesmannens landbruksavdeling.
  

kW pluss - meirverdi av småkraft

Korleis kan lokale energiprodusentar utvida fokuset og få fleire kroner ut av verksemda si?  Korleis kan lokal energisatsing skapa meirverdi og større ressursunytting for utbyggar og lokalsamfunn? Dette er nokre av spørsmålsstillingane i NPP-prosjektet Remote.

Engasjerte deltakarar på den nasjonale erfaringskonferansen kW pluss i Bergen.
Engasjerte deltakarar på den nasjonale erfaringskonferansen kW pluss i Bergen. (Foto: Ragna Flotve)

Remoteprosjektet
Fylkesmannen i Hordaland avsluttar i desse dagar eit toåring prosjekt, der eit sentralt mål har vore å leggja grunnlag for meirverdi innan berekraftig energiproduksjon.  Prosjektet er eit NPP-prosjekt, med organisasjonar i Finland, Sverige, Irland og Skottland som samarbeidspartnarar.  Resultatet er ny kompetanse og nye nettverk,  gjennom mellom anna kurs og samlingar, film, praktiske handbøker og utvikling av appen «kW Plus Remote», som skal lanserast i november.

Saman vert me sterke
Remoteprosjektet har samarbeidd med Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum og verksemder i deira nettverk,  Her vert det arbeidd for å utvikla reiselivspakkar gjennom lokal samhandling og bruk av lokale ressursar. Samarbeidet har som mål å tilby heilskaplege aktivitetspakkar med museumsbesøk, aktivitetar i Via Ferrata, visningstur i moderne småkraftanlegg,  servering av lokal mat og drikke og lokalt overnattingstilbod som ingrediensar.  Filmen kW + syner tankane bak satsinga gjennom bilete og intervju.

Handbok
Fylkesmannen i Hordaland har i prosjektperioden hatt ansvar for produksjonen av handboka kW plus - Renewable Energy Demonstration Sites. Handboka syner case frå dei ulike landa og fokuserer elles på viktige suksessfaktorar og utfordingar. Heftet har også eit kapittel om korleis ein kan utvikla praktiske forretningsmodellar, og fungerer som hjelp ved etablering av ny verksemd og i utviklingsarbeid elles.

Konferansen kW pluss
Fylkesmannen i Hordaland arrangerte, i samarbeid med Småkraftforeninga, den nasjonale erfaringskonferansen kW pluss i september. Småkraftutbyggjarar og andre interesserte fekk praktiske innspel og konkrete eksempel på korleis ein kan utvikla ny næring ut frå energisatsing. (kW pluss) Produksjon av turbinar til internasjonal marknad, bygging av samdriftsfjøs, tørking av flis, produksjon av pølser, pubdrift, museum, tilbod til born og unge, bruk av kortreiste produkt og opprinnelsesgaranti. Foredrag og påfølgande tankesmie synte at det er kreativiteten som set grensene.