Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2014

Dette innhaldet er meir enn 10 år gammalt.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om eit godt grønnsaksmiljø på tvers av fylkesgrensane.

Samordna nettsatsing

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Godt grønnsaksmiljø på tvers av fylkesgrenser

Gulrotdyrkere fra Smøla på Nordmøre og dyrkere fra Trøndelagsfylka har de tre siste åra hatt felles faglige samlinger med tema som har vært aktuelle for produsentene fra hele området.

Felles markdag på Smøla. Dyrkere og repr. fra frøfirma prøvesmaker årets avling.
Felles markdag på Smøla. Dyrkere og repr. fra frøfirma prøvesmaker årets avling. (Foto: Gunn Randi Fossland, Landbruk Nordvest SA)

Lokale rådgivere i Norsk Landbruksrådgiving, henholdsvis Landbruk Nordvest, NLR Sør-Trøndelag og NLR Nord-Trøndelag så behovet for et tettere samarbeid innen grønnsaksrådgivinga i Midt-Norge. 

Det er mange felles utfordringer for produsenter i dette området. Regional sortsutprøving, plantevern og gjødsling er noen av tema som tas opp. Vårt «midt-norske» klima gir oss andre utfordringer enn fagmiljøa lenger sør. Vi har derfor gjensidig nytte av å utveksle erfaringer i denne regionen. 

Vi har hatt felles sortsmøte med representanter fra frøfirma etter innhøstinga de tre siste åra.

På denne samlinga blir årets resultater fra sortsutprøvinga gjennomgått i tillegg til andre tema som er relevante for avslutta vekstsesong. 

Produsentene synes det er veldig nyttig å evaluere sesongen sammen med dyrkere fra andre områder i «nabolaget». Mye er felles og det er svært lærerikt å dele erfaringer med andre.

I løpet av vekstsesongen har vi også forsøkt å få til en felles markdag der produsenter fra ulike geografiske områder kan samles i åkrene hos andre yrkesbrødre og -søstre. Trønderne har vært på Smølabesøk, neste gang går turen til Nord-Trøndelag. 

Tidlig denne vekstsesongen samarbeida rådgivingsenhetene om et felles faglig opplegg hvor ekstern fagkompetanse ble henta inn for å holde fagsamling med tema «Mekanisk ugrasbekjempelse i grønnsaker». Thomas Holz, fra Foregangsfylke for økologisk grønt var foredragsholder og hadde mange gode innspill til dyrkerne fra Smøla og Trøndelag. 

Dyrkerne gir tilbakemelding om at det er svært nyttig å utvide sitt kontaktnett ut over eget område. Samarbeidet vil derfor fortsette framover.
 

Avlingsrekord på Smøla!

Jerada, om lag 2 uker før innhøsting 2014.
Jerada, om lag 2 uker før innhøsting 2014. (Foto: Gunn Randi Fossland, Landbruk Nordvest SA)

I år satte en dyrker på Smøla avlingsrekord med hele 11 080 kg gulrot pr. dekar av Jerada. Avlinga ble målt i forbindelse med avlingsundersøkelsen til GPS, om lag 1-2 uker før innhøsting. Dette er godt nytt for alle som foretrekker «Smøla-gulrota»! 

Vekstsesongen 2014 var en god sesong avlingsmessig for gulrota på Smøla. Avlingsregistreringer gjort av GPS i forkant av innhøstinga viste at avlingene lå 27 prosent over fjorårets avlinger. 

Gulrotgruppa i Grønt Produsentenes Samarbeidsråd (GPS) foretar årlig en avlingsundersøkelse rundt i landet for å fastslå hvordan avlingene vil bli og få en oversikt over forventa kvantum som legges på lager. Årets kontroll viste gode tall for hele landet og det er derfor forventa markedsdekning av norsk gulrot ut mai 2015. 

Sortsarbeidet i gulrot på Smøla har resultert i at dyrkere har prøvd ut 6-7 «nye» sorter de siste 3 vekstsesongene. En av disse sortene, Jerada, har vært på avlingstoppen alle åra. Sorten gir stabilt store avlinger under ulike vekstforhold. Den er raskt i gang om våren og gir fine, symmetriske røtter hvor svært lite blir utsortert p.g.a. størrelse og fasong. Lagringsforsøk viser at også lagringa er tilfredsstillende.
 

Bygdeutviklingsprisen 2014 i Møre og Romsdal til Gjøra Bygdeutvikling, Sunndal 

Hovedgrunngjevinga for tildelinga av prisen til Gjøra Bygdeutvikling er den positivitet dei skaper gjennom sine framtidsverkstader, ringverknader for lokalsamfunnet og lokale næringsaktørar. Engasjementet dei legg for dagen gir ein positivitet i lokalsamfunnet, som smittar. Dei står for bygdeutvikling i praksis!

Prisvinnaren, representert av Gunn Signe Aarnes og Leif Larsen (til høgre) frå Gjøra Bygdutvikling saman med prisutdelar Sivert Gravem frå Innovasjon Norge.
Prisvinnaren, representert av Gunn Signe Aarnes og Leif Larsen (til høgre) frå Gjøra Bygdutvikling saman med prisutdelar Sivert Gravem frå Innovasjon Norge. (Foto: Arnold Hoddevik)

Gjøra Bygdeutvikling er ein paraplyorganisasjon for alle foreiningar og lag i Øvre Sunndal. Dei er pådrivar og motivator for arbeidet med å vidareutvikle lokalsamfunnet til å bli «Beste bygda å bo i».

Gjennom sin innsats har dei sikra at bygda fekk bygd sitt eige næringsbygg, som inneheld butikk, Nasjonalparksenter, turistinformasjon, servicetilbod som dusj, vaskerom og toalett for fotturistar, og dei har fått etablert drivstoffanlegg. Dei har bidratt til etablering og utvikling av mindre verksemder gjennom motivasjonsarbeidet sitt. Arbeidet har ført til ei lita tilflytting, og barnetalet utviklar seg positivt, slik at det gir grunnlag for å behalde skule og barnehagetilbod.

Gjøra Bygdeutvikling høyrer til same kretsen som vinnarane av kulturlandskapsprisen.  

Prisen vart utdelt under opninga av Dyregoddagene i Gjemnes 5. september 2014.

Vi gratulerer Gjøra Bygdeutvikling med prisen!

Bygdeutvikling er hardt arbeid
Gunn Signe Årnes takka for prisen, og fortalde m.a. at bygdeutvikling er hardt arbeid over lang tid.  Sunndalsporten, som vart ferdig nokre år etter etableringa av Gjøra Bygdeutvikling,, var eit næringsbygg som kom som resultat av mobiliseringa. Bygda reiste så mykje eigenkapital, at næringsselskapet i kommunen ikkje ville stå ved lovnaden om å stille med like mykje.

Sunndal nasjonalparksenter er no i Sunndalsporten. Vi har eit bra drivstoffanlegg, sanitæranlegg og fellesareal. Vi har sommarfestivalen Gjæra Gjøra og vinterfestival, skøytebane og skianlegg. Bygda er samla og målretta, og arbeider etter klare målsettingar.

Leif Larsen sa m.a. at målsettinga, Gjøra – den beste bygda å bu i, er viktig rettesnor. Vi hadde eit nytt framtidsverksted i vår, der vi m.a. sette oss mål om 20 nye arbeidsplassar innan 2020. Bygda har eit stort engasjement, og arbeider i same retning. Dugnadsinnsatsen er formidabel, og vi har evne til å samarbeide med profesjonelle aktørar utanfor bygda også.

Leif overrekte til slutt eit bilde frå opninga av Sunndalsporten til Innovasjon Norge, og håpa å vinne den nasjonale BU-prisen. Dei to avslutta med å dele ut T-skjorter til publikum.

Bygdeutvikling i øvre Sunndal – hardt arbeid og langsiktig satsing

Gunn Signe Årnes fortalde under utdelinga av bygdeutviklingsprisen, at bygdeutvikling er hardt arbeid over lang tid. Det er nokre gonger ikkje spørsmål om klokka, når ting skal vere ferdig til fastsett tid.

Naeringsbygget Sunndalsporten AS.
Naeringsbygget Sunndalsporten AS. (Foto: Sunndalsporten.com.)

Den som les rapportar og planer for Gjøra Bygdeutvikling, treng ikkje tvile på at dette stemmer. Gjøra bygdeutvikling vart starta i 1995, som ein paraplyorganisasjon for utvikling av bygda. Gjennom sine framtidsverkstader har dei bidratt til positiv utvikling, både for bygda, næringslivet der, dugnadsånda og viljen til å satse.

I 2007 vart ein framtidsverkstad gjennomført, og dette har ført til:

  • Sunndalsporten inkl. drivstoffanlegg
  • Sommerfestivalen Gjæra Gjøra
  • Skileikområdet – Vinterbygda Gjøra

Det har vore ein formidabel dugnadsinnsats sidan 2007. Det viser at det er ressursar å bygge vidare på.

I april 2014 vart det gjennomført ein ny framtidsverkstad, der tema for verkstedet var «Mer vekst og flere arbeidsplasser».  Framtidsverkstaden resulterte i at 4 nye arbeidsgrupper vart etablerte, for å jobbe med konkrete prosjekt.  Den overordna målsettinga er å skape 20 nye arbeidsplassar i bygda innan 2020. Gjøra Bygdeutvikling har søkt Fylkesmannen om BU-midlar for å delfinansiere prosjektet.

Funksjonen til Gjøra Bygdeutvikling  er å være en katalysator og nav i utviklingsarbeidet gjennom å:

  1. Støtte opp om allereie oppstarta tiltak og bidra til å vidareutvikle desse
  2. Bistå nettopp etablerte arbeidsgrupper til å komme i gang med sitt arbeid
  3. Ta fatt i foreslåtte prosjekt som enno ikkje har fått «eigarar», og jobbe med dei til dei får eigne eigarar, som tek over prosjekta, og vidarefører dei i kommersiell verksemd der det er aktuelt.

Ei rekkje konkrete oppgåver står i kø. Nokre delmål er knytt til vidareutvikling og styrking av Sunndalsporten, Nasjonalparksenteret og sommarfestivalen Gjæra Gjøra. Gjøra Bygdeutvikling samarbeider også med kommunen og andre aktørar om å utvikle Vinterbygda Gjøra, tettstadsutvikling og trafikktrygging og eit eige bulystprosjekt.

I Åmotan møtest i alt 5 elvar i juvet.
I Åmotan møtest i alt 5 elvar i juvet. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Gjøra er innfallsporten til flotte natur- og kulturlandskapsområde, Åmotan landskapsvernområde og Dovrefjell- og Sunndalsfjella nasjonalpark. Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal er utvalt som kulturlandskapsområde i jordbruket. I tillegg til Åmotan har Sunndal Europas høgaste fossefall, Vinnufossen og Skorgefossen. Desse er nr. 4 og 5 i verda. Åmotan kan komme til å spele ei viktig rolle i eit vidare regionalt samarbeid innan reiseliv og turisme.

Det er også planer om å utvikle eksisterande lokal matproduksjon gjennom samarbeid i regionen og med lokale bedrifter som tilbyd overnatting og arrangement. Vidare er det behov for næringsbygg i bygda.

Gjøra bygdeutvikling har klare målsettingar, godt samhold og dugnadsånd i bygda og vilje til å satse. Dei er heller ikkje redde for å trekke inn utanforståande, så her er det grunn til optimisme for framtida.

Kulturlandskapsprisen 2014 til unge bønder i Sunndal

Prisvinnarar av kulturlandskapsprisen 2014, Roy Andersen og Anne Grete Røymo og landbruksdirektør Anne Berit Løset.
Prisvinnarar av kulturlandskapsprisen 2014, Roy Andersen og Anne Grete Røymo og landbruksdirektør Anne Berit Løset. (Foto: Arnold Hoddevik)

Kulturlandskapsprisen 2014 gjekk til Anne Grete Aklestad Røymo og Roy Andersen på Røymo øvst i Sunndalen. Anne Grete overtok garden i 2003, Ho driv den saman med ektemannen Roy og barna Eirin og Ingvild. Garden ligg om lag 700 m over havet på Røymo øvst og innerst i Sunndalen, ved inngangen til Grøvudalen.

Familien driv med sau, og buskapen har auka år for år. I 2013 vart det slept over 500 sauer og lam på utmarksbeite.  Det er investert i nytt fjøs.  Driftsbygningen vil ha plass til  om lag 250 vinterfôra sauer pluss nokre storfe (Tiroler graufe).

Anne Grete og Roy skjøttar areala på 7 ulike gardsbruk, til saman over 230 dekar.  I området er det registrert fleire spesielt verdifulle  slåttemarker. Det er utarbeidd skjøtselsplaner, og brukaren har inngått skjøtselsavtale med fylkesmannen.  Fleire areal som stod i fare for å gro att, er tekne opp att. Mykje nytt gjerde er sett opp.  Området ho driv i, ligg innafor det utvalde kulturlandskapet i Møre og Romsdal.  Dette er eitt av i alt 22 områder i landet.

Familien tek omsyn til kulturminne og byggeskikk. Det nye våningshuset er i tømmer (lafta) og torvtak. Hovudkonstruksjonane i det nye sauefjøset til over 3.2 mill kroner har  konstruksjonar i limtre. Også det nye fjøset er bygd med torvtak.  I tunet på Utistu på Røymon er elektrisiteten ført fram i jordkabel, for å få unngå luftspenna..

I 2012 var Anne Grete også ein av fem i finalen til årets unge bonde. Dit kom ho i skarp konkurranse med 164 unge bønder over heile landet.

Fylkesmannen synes det er svært viktig at det vert oppretthalde drift på desse areala, at det vert satsa på nye bygningar, nytt driftsapparat  og auka buskap.

Kandidaten er ein verdig vinnar av kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2014.

Prisen er på kr 10.000 pluss eit kunstverk (Kulturlandskap, tresnitt av Lars Ch. Istad) og diplom. 

Tunet på Utistu, Røymon i Øvre Sunndal, 700 meter over havet.
Tunet på Utistu, Røymon i Øvre Sunndal, 700 meter over havet. (Foto: Arnold Hoddevik)

Om kulturlandskapsprisen
Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris  til grunneigarar eller lag som markerer seg på ein positiv måte i arbeidet med kulturlandskapet.

Fylkesmannen  ønskjer å gje prisen til gode ambassadørar for bygde-Norge og for landbruket. Drifta skal medverke  til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.

Dei generelle kriteria som kandidatane vert vurderte etter er:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i landskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta bidreg til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til biologisk mangfald, kulturminne, byggeskikk og andre miljøverdiar i drifta.
  • At drifta tek omsyn til miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje vere oppfylte på ein gong. Prisvinnaren i 2014 stettar fleire av kriteria  prisen skal vurderast etter.

Kandidatane er vurdert av kulturlandskapsgruppa.
 

30-års jubileum for Den Norske Matfestivalen i Ålesund

– Bare Moldejazz har holdt på lenger enn oss, seier den alltid like entusiastiske Terje Devold, som er leigd inn av styret  for å gjennomføre jubileumsfestivalen. «I år skal det gjøres stas på pionerene som startet landets første matfestival, blant annet Jan Arne Hove, som hadde gjort seg bemerket som kjøkkensjef på Parken Hotel. Han hadde fått ideen om et norgesmesterskap for kokker, og slo seg sammen med driftige bønder, som ville ha den lokale og kortreise maten fram i lyset. Dermed var Den Norske Matfestivalen i Ålesund i gang.»

Stor jubileumskake for 30-åringen, Den Norske Matfestivalen.
Stor jubileumskake for 30-åringen, Den Norske Matfestivalen. (Foto: Kirsti Indreeide)

Det er eit gammalt utrykk som sei er: «Om du spikrar ein Sunnmøring opp på ein låve-vegg, så vil han likevel  vekse og trivast». Noko liknande kan vel seiast om Den Norske Matfestivalen i  Ålesund dei siste åra. Dramatiske endringar i dei økonomiske rammevilkåra  har tvinga fram svært kreativ nytenking både når det gjeld festivalprogram,  organisering og marknadsføring.

Det er difor ekstra hyggeleg å kunne konstanter at både utstillararane, arrangørane og publikum er godt fornøgde med årets festival!  Ein del av utstillarane hadde salgsrekordar, og fleire utstillarar frå Bondens Marked måtte ta turen heim for å hente meir varer. Det vart mellom anna omsett kvalkjøt i ulike variantar for om lag 20 000 kroner per time  - i fire dagar!

Det har stort sett vore fullt hus på konferansar, fagseminarer, middager,  lunsjar og ute-restaurantar!  Dei  fleste arrangementa har vore utselde og med ventelister, så det er tydeleg at dette er noe folk vil ha. Den Norske Matfestivalen i Ålesund får i år eit overskudd som er større enn budsjettert, noko som gjev tryggere basis for den videre satsinga.

Bondens marknad hadde i år salsboder i Kongens gate, midt i sentrum av byen. Produsentane dekka eit vidt spekter av spennande og velsmakande nisjeprodukt frå gardsbruk i fylket, slik som ost, lefse, saft og syltetøy, røykt laks og aure, fenalår, m.m.  Produkta er utvikla på eigne, ofte nedarva, gamle tradisjonsrike oppskrifter, og kvar for seg unike. Dette er matvarer du ikkje får kjøpt kvar som helst.

Kø ved Slogen Mat si salsbud i Kongens gate.
Kø ved Slogen Mat si salsbud i Kongens gate. (Foto: Kirsti Indreeide)

Nøktern 30-åring
Den nøkterne 30-åringen har stått framfor eit vegskille, men vi ser no kva veg vi vil gå! Det vert satsa vidare på å få enno fleire utstillrarar og mat-aktivitetar i bysentrum. I tillegg vil vi sjå på om den faglige delen kan bli enno større enn i dag. Til neste år skal vi jobbe mot det matfaglige miljøet i større grad enn det vi hadde kapasitet til å år.

I år var «Matkultur og reiseliv» tema for den største konferansen under matfestivalen, med 120 deltakarar frå landbruk, reiseliv og matfag. Konferansen var eit samarbeid mellom Den Norske Matfestivalen, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i  Møre og Romsdal. 

Vi har kome til at det er over tretti matfestivalar i Norge, og det betyr at det blir verre å få med seg dei store, nasjonale sponsorane på laget dei åra det ikkje vert arrangert kokke-NM eller andre nasjonale mesterskap. Vi vil difor legge opp til eit tett samarbeid med det regionale næringslivet, for å utvikle nye fagarrangement neste år. Målet ar å invitere til ein festilval og eit fagprogram som er interessant for mat-entusiastar frå heile landet.

Den Norske Matfestivalen i Ålesund er eit aksjeselskap der Landbruksselskapet er ein av eigarane, med Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal som representant i styret.

Nasjonal leverandørpris
Den nasjonale prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» gjekk  i år til Coop. Dei fekk prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid, og at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet. Prisen vart delt ut av Landbruksdirektør Anne Berit Løset under konferansen «Matkultur og reiseliv». Sjå eigen artikkel under.

Tildelt økopris for langsiktig satsing

Coop fekk tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt 2014. Dei fekk prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid, og at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet. Dette sa landbruksdirektør Anne Berit Løset m.a. ved utdelinga.

Prisutdeling, årets leverandør av økologiske produkt 2014, frå venstre, prisutdelar Landbruksdirektør Anne Berit Løset og mottakar, Coop v/miljøsjef Knut Lutnæs.
Prisutdeling, årets leverandør av økologiske produkt 2014, frå venstre, prisutdelar Landbruksdirektør Anne Berit Løset og mottakar, Coop v/miljøsjef Knut Lutnæs. (Foto: Arnold Hoddevik)

Vi har ei nasjonal målsetting om å auke produksjon og forbruk av økologiske varer til 15 prosent innan 2020. Målsettinga er eit stort løft, og vi treng tydelege lokomotiv som kan gå fremst i dette arbeidet.  Årets prisvinnar er eit godt eksempel på det, sa Løset vidare.

Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer. 

Juryen grunngjev at det er ein av gigantane i daglegvarebransjen som får prisen slik:

  • Coop er ein stabil leverandør som har satsa over tid, og som gjer det enkelt å finne økologiske produkt i heile landet, også på små stader i distrikta.
  • Coop har eiga synleg, økologisk merkevare.
  • Dei sel økologisk lokalmat frå produsentar i dei ulike regionane, som til dømes frukt, grønsaker og ost.
  • Butikkane har tilbod og kampanjar på økologiske varer, noko ein sjeldan ser elles.
  • Coop fortener påskjønning for at dei har så godt utvalg, og satsar på økologi

Prisen vart delt ut på konferansen «Matkultur og Reiseliv» under Den Norske Matfestivalen i Ålesund torsdag 28. august 2014. 

Stolte og glade
Miljøsjef i Coop, Knut Lutnæs, tok imot prisen. Prisen som årets leverandør av økologiske produkt for 2014 er en flott synliggjøring av innsatsen Coop har lagt ned for økologimarkedet gjennom over 20 år, og vi er selvsagt stolte over tildelingen, sier Knut Lutnæs.

Lutnæs seier også at Coop ser på økologiske varer som miljømessig, helsemessig og dyreetisk betre alternativ enn konvensjonelle varer, og føler eit særleg ansvar for å sikre vidare utvikling av det økologiske markedet.

Lutnæs er også glad for at omsettinga av økologiske varer, særleg frukt og grønt, melk egg og barnemat har auka kraftig i år, samanlikna med fjoråret. Coop vil gje kundar og medlemmer mulegheit til å velje endå blant endå fleire økologiske produkt framover.

Om prisen
Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer. Det er ei tydeleg satsing nasjonalt for å auke produksjon og forbruk av økologiske varer i Norge.  Målet er at 15 prosent av matproduksjonen og forbruket skal vere økologisk i 2020.

Den Norske Matfestivalen, Bioforsk økologisk og Fylkesmannen i Møre og Romsdal står bak prisen. Dette er tiande året på rad vi deler ut ein pris for «Årets leverandør av økologiske produkt».

Prisen skal delast ut til ei bedrift eller ein person som leverer eit eller fleire økologiske produkt. Prisvinnaren eller prisvinnarane skal gjennom sitt virke ha vist at han/ho har forståing for det økologiske konseptet. Produktleveransen skal vere profesjonelle og sikre, samt halde ein høg standard. Produkta skal i hovudsak seljast gjennom daglegvarehandelen.

Det kom mange forslag på gode kandidatar i år. På lista finn vi både små og store marknadsaktørar, og dei representerer eit stort produktspekter.

Jury
Juryen har i år bestått av Merethe Fjeld Nystad frå Debio, Anita Land frå Bioforsk Økologisk, Gunnar Kvamme frå St. Olavs hospital, Oda Omholt frå Oikos og Landbruksdirektør Anne Berit Løset frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal (juryformann).