Statsbudsjettet 2025

Stegvis og ansvarleg utvikling av flytande havvind

Havvindsatsinga til regjeringa held fram med stø kurs. Regjeringa vil lyse ut område for produksjon av havvind på norsk sokkel i 2025, og foreslår 35 milliardar kroner til eit eige støtteprogram for flytande havvind i områda Vestavind F og Vestavind B.

Havvindsatsing i 2025: Regjeringa vil lyse ut område for havvindproduksjon på norsk sokkel i 2025, og foreslår 35 milliardar kroner til eit støtteprogram for flytande havvind i områda Vestavind F og Vestavind B.

Behov for statsstøtte: Flytande havvind har stort potensial, men teknologien er dyr og umoden. Derfor trengs statsstøtte for å få fart på utviklinga.

Ambisjon om 30 GW innan 2040: Regjeringa ønskjer å tildele prosjektområde for 30 GW havvindproduksjon innan 2040 og vil ha jamlege utlysingsrundar og støttekonkurransar fram mot dette.

Strategisk konsekvensutgreiing: NVE har fått i oppgåve å konsekvensutgreie 20 område som kan vere aktuelle for havvind. Utgreiinga for Vestavind F, Vestavind B og Sørvest F blir ferdig i november 2024, medan utgreiinga for dei andre områda blir ferdige i juni 2025.

Støtte til industriutvikling: Regjeringa sitt mål er at havvindarbeidet skal gi meir fornybar kraftproduksjon, bidra til til industriutvikling og legge til rette for innovasjon og teknologiutvikling.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av Energidepartementet før publisering.

– Noreg har eit enormt potensial for flytande havvind på sokkelen, men fordi teknologien framleis er umoden og dyr trengs det statsstøtte for å få fart på utviklinga. Derfor foreslår me eit ambisiøst støtteprogram. Støtteprogrammet legg til rette for meir kraft til Noreg og eit nytt industrieventyr, seier energiminister Terje Aasland.

Regjeringa er godt i gang med å følgje opp ambisjonen om å tildele prosjektområde for 30 GW havvindproduksjon innan 2040. Innretninga av eit støtteprogram for flytande havvind i områda Vestavind F og Vestavind B har nyleg vore på offentleg høyring. Eit slikt program skal bidra vesentleg til utviklinga av flytande havvind, og regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2025 at støtteprogrammet får ei kostnadsramme på 35 milliardar kroner.

Med dette følgjer regjeringa opp oppmodingsvedtaket Stortinget gjorde i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett i juni.

 

Jamlege utlysingsrundar og støttekonkurransar fram mot 2040

Regjeringa tek sikte på å gjennomføre neste utlysingsrunde for havvind i 2025. Deretter ønskjer regjeringa å gjennomføre jamlege utlysingsrundar og støttekonkurransar fram mot 2040.

– Den vidare satsinga på havvind føreset tilgang på areal. Regjeringa sitt mål for havvindsatsinga er industriutvikling, og det er gledeleg å sjå at leverandørbedriftene våre ivrar etter å kome i gang, seier Aasland.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fått i oppgåve å gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing av 20 område som kan vere aktuelle for havvind. Den strategiske konsekvensutgreiinga av områda Vestavind F, Vestavind B og Sørvest F blir ferdigstilt i november i år. Strategisk konsekvensutgreiing for dei resterande 17 områda blir ferdigstilt i juni 2025.

 

Les meir om områda som er opna for havvind på norsk sokkel: