Storsatsing på kommunane

Arbeidarpartiet og Senterpartiet prioriterer kommunane og styrkjer kommunesektoren med 6,4 milliardar kroner neste år. – Det vil kunne styrke oppfølginga av skulebarna og ein betre arbeidskvardag for dei som tek vare på våre gamle, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Veksten i frie inntekter vil gi sektoren eit handlingsrom utover demografi- og pensjonskostnader på 2,5 milliardar kroner. Det er den nest største satsinga på kommunane dei siste 15 åra, berre slått av Arbeidarpartiet og Senterpartiet sitt fyste budsjett i 2022.

– Kommunane er grunnmuren i velferda vår. Vi har sett at forskjellane i Kommune-Noreg har auka over tid. No gjer vi eit skikkeleg løft i kommuneøkonomien samstundes som vi fordelar inntektene til kommunane på ein betre måte i det nye inntektssystemet. Det vil gje betre velferd, seier Sande.

Kommuneøkonomien har, i likskap med privatøkonomien til folk, vore prega av sterk kostnadsvekst og renteauke.

– Senterpartiet og Arbeidarpartiet meiner velferda vi får frå kommunane er heilt avgjerande for at vi skal kunne leve gode liv i hele Noreg. Difor prioriterer vi nå ei kraftfull satsing på kommuneøkonomien. Eg er glad for at vi styrker kommunane slik at dei kan gi innbyggjarane gode skuler, trygge barnehagar og ei verdig eldreomsorg, seier Sande.

Veksten på 6,4 milliardar kroner vert fordelt med fem milliardar kroner til kommunane og 1,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. 250 millionar kroner av veksten i frie inntekter er grunngjeve med bemanning i barnehagar. 1,6 milliardar kroner er knytt til omlegginga av inntektssystemet for kommunane.