Priv. til red.

Abelprisutdeling og bankettmiddag for prisvinnaren

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

H.M. Kong Harald V overrekker Abelprisen for 2023 til argentinsk-amerikanske Luis A. Caffarelli ved University of Texas i Austin, USA.

Caffarelli mottek prisen på sju og ein halv millionar kroner for sitt banebrytande bidrag til regularitetsteori for ikkje-lineære partielle differensiallikningar.

 Prisutdeling: Universitetets Aula

Tysdag 23. mai 2023, klokka 14.00. Gjestane må vere på plass kl. 13.35.

Regjeringsbankett: Akershus slott

Tysdag 23. mai klokka 19.00. Det blir høve til foto av prisvinnar ca. kl. 18.50 ved inngangen. Gjestane kjem til banketten mellom kl. 18.15 og 18.45. Det blir òg høve til å filme/fotografere talen til statsråd Ola Borten Moe ca. kl. 19.40. 

NTB-fotograf Alf Simensen arbeider på oppdrag frå Akademiet. Bilete kan sendast etter avtale med fotografen. Utvalde bilete vil bli publiserte på nettsida til Abelprisen.

Påmelding for pressa/fotografar til Akershus slott i samband med Abelprisbanketten: kommunikasjonssjef Anders Lundell
E-post: anders.lundell@kd.dep.no, mobil: 900 49 636.

Abelforelesingane

Onsdag 24. mai klokka 10.00 innleier årets Abelprisvinner Luis Caffarelli Abelprisforelesningane 2023 med si prisforelesning. Deretter følger matematikarane Sylvia Serfaty, Alessio Figalli og Luis Silvestre.