Abortutvalet la fram sin rapport

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Torsdag 14. desember mottok helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol den offentlege utgreinga og tilrådingane frå abortutvalet.

Nett-tv Abortutvalet legg fram sin rapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Abortutvalet blei nedsett 17. juni 2022 og har vore leia av Kari Sønderland, jurist og tidlegare ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet.

Utvalet har hatt som oppgåve å sjå på abortloven, oppfølginga av kvinner som tar abort og vurdere alternativ til abortnemndene.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Anne Kathrine Aambø, telefonnummer:  412 93 018, e-post: Anne-Kathrine.Aambo@hod.dep.no

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og du kan følge det direkte på denne sida. Her kan du også laste ned videofila i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. Du kan kontakte DSS på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.