Aktiv setring i utvalt kulturlandskap
Nyheit | Dato: 05.11.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Tradisjonen med utmarksslått og seterdrift har levd lenge i Budal i Trøndelag og blir framleis halden i hevd.
Sidan 1600-talet har det vore seterdrift i Budalen i Trøndelag, og det er framleis tolv brukarar som driv seterdrift med mjølkeproduksjon. Det er 40 andre brukarar som har sau og storfe, med ungdyr og kalvar, på beite i utmarka.
Mange av bygningane på setrane er frå 1700-talet.
- Les meir i fylkesnytt frå Trøndelag.
I juni arrangerte Statsforvaltaren i Trøndelag i samarbeid med Rennebu og Midtre Gauldal kommunar BU- og miljøsamling for tilsette i kommunal landbruksforvalting. Samlinga hadde særleg fokus på ny næringsutvikling, bruk av utmark, beiting, setring og gjødselhandtering i fjellandbruksområde denne gongen.