Alle kommunar har no fått eingangsmidlar til lågterskel psykisk helsetilbod
Nyheit | Dato: 18.05.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Alle kommunar i landet har no fått utbetalt sin del av 100 millionar kronar til lågterskeltilbod innan psykisk helse. Pengane blei løyva i tilleggsproposisjonen for pandemien som blei vedtatt i januar i år.
Psykisk helse er eit av regjeringa sine viktigaste satsingsområder.
– Pandemien har på ulike måtar satt spor i oss alle. Eg er glad for at midla no er delt ut og håpar dei bidrar til ein auka kapasitet i dei kommunale tilboda slik at personar som treng hjelp får det, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Styrka og auka tilgang
Helsedirektoratet har fordelt tilskotet til alle norske kommunar etter objektive kriterium. Målet er at tilskotet på ein rask måte kan bidra til å styrke og auke tilgangen til eksisterande kommunale lågterskeltilbod innan psykisk helse.
– Det er viktig å kome tidleg inn for å hindre at lettare psykiske helseplagar utviklar seg i ei meir alvorleg retning. Hjelpa må vere tilgjengeleg for dei som treng den, seier Kjerkol.
– Lågterskeltilbod i kommunane er viktige for å sikre denne tilgjengelegheita, legg ho til.
Langsiktig arbeid med å styrke psykisk helse
Regjeringa ønsker òg å styrke det psykiske helsetilbodet på sikt. Arbeidet med ein ny plan for opptrapping innan psykisk helse er i gong.
Opptrappinga skal vektlegge dei kommunale tenestene, men skal òg sikre auka kvalitet og kapasitet i spesialisthelsetenesten.
– Vi så utfordringar innan psykisk helse før pandemien, og dei har blitt forsterka gjennom pandemien. No må vi styrke innsatsen for heile befolkninga si psykiske helse, slår helse- og omsorgsministeren fast.