Alle skal inkluderast i det digitale samfunnet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 17.03.2021
- Den norske befolkninga har gode grunnleggande digitale ferdigheiter, men det er framleis for mange som kjenner på digitalt utanforskap. Det vil regjeringa gjere noko med, og startar no eit arbeid med å inkludere alle i det digitale samfunnet gjennom strategien "Digital heile livet", seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
Ei undersøking gjort av Kompetanse Noreg på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, viser at 11 prosent av befolkninga har svake grunnleggande digitale ferdigheiter. Tre prosent seier at dei ikkje bruker pc, nettbrett, smarttelefon eller internett i det heile.
-Krav til digital kompetanse for å kunne delta i samfunnet vil truleg halde fram med å auke. Det betyr at det er viktig, både for samfunnet og for enkeltpersonar, at alle i befolkninga har gode moglegheiter for kompetanseheving gjennom livet – også dei med sterke grunnleggande ferdigheiter, seier Sveinung Skule, direktør i Kompetanse Noreg.
Høg alder, lågt utdanningsnivå og låg inntekt, mindre sentral bustad og svak tilknytning til arbeidslivet aukar sjansane for å ha svake digitale ferdigheiter.
- Vi ser at andelen som kan kallast ikkje-digitale har gått kraftig ned dei siste ti åra – frå 24 prosent i 2010 til 14 prosent i dag. Likevel er dette for mange. Vi må derfor jobbe for å inkludere fleire, seier Helleland.
Den nye strategien skal ikkje berre treffe eldre, men bidra til at alle kan navigere betre i den digitale jungelen. Vi skal også vurdere om det er behov for målretta tiltak mot dei som treng det mest, seier Helleland.
Ho peiker på at undersøkinga viser at koronapandemien har ført til eit større behov for digitale ferdigheiter hos nær halvparten av befolkninga, og mest blant dei som er i arbeid og utdanning.
Blant dei som har opplevd eit større behov, er det også seniorer og ikkje-sysselsatte, som i minst grad har fått behovet dekka.
- Koronakrisa har digitalisert Noreg i rekordfart. Mange har tatt i bruk videomøte, fleire har bestilt varer på nettet eller har logga seg på offentlege tenester for første gong. Auka digitalisering i samfunnet stiller stadig høgare krav til befolkninga sin digitale kompetanse og deltaking. Då er det viktig at alle skal ha moglegheit til å delta, seier Helleland.
Statsråden vil be om innspel frå både frivillige organisasjonar, privat og offentleg sektor for å finne ut korleis ein kan auke innsatsen mot digitalt utanforskap.
- Vi vil legge til rette for at alle kan delta i det digitale samfunnet, i arbeidslivet og i det sosiale liv. Vi må bidra til at ulike grupper i befolkninga har moglegheit til å tilegne seg og oppdatere den digitale kompetansen sin gjennom ulike livsfaser, seier Helleland.