Allmenngjeringsordninga fungerer godt, viser ny rapport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 18.06.2021
Allmenngjeringsordninga er eit viktig verktøy og ho fungerer godt i det norske arbeidslivet.
Samfunnsøkonomisk analyse la fram rapporten «Evaluering av ordninga med allmenngjering av tariffavtaler», onsdag 16. juni. Rapporten er laga på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet (ASD).
Gir auka løn
Funna tyder på at allmenngjering reduserer konkurransevriding og har bidratt til auka løn for arbeidstakarar med lågast løn. Rapporten finn ikkje negative konsekvensar for organisasjonsgrad av allmenngjering.
Viktig verktøy
Allmenngjering er og eit viktig verktøy for å sikre at utanlandske arbeidstakarar får løns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har. Allmenngjering skal og hindre konkurransevriding til ulempe for det norske arbeidsmarknad. Ordninga fungerer slik at det i praksis blir innført minstevilkår for alle sysselsette som er omfatta. Saman med løn, kan det gjelda kompensasjon for dekning av reise, kost, losji og arbeidstøy med meir.
Forbetringar
Rapporten inneheld og forslag til forbetringar i allmenngjeringsordninga, som til dømes omgrepsavklaringar, betre informasjon, fleire tilsyn, betre system for å følgje opp påseplikta og strengare sanksjonar.