Presseinvitasjon:

Andre møte i Ventetidsløftet

19. august held helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre det andre møtet i Ventetidsløftet. Her deltar også Fagforbundet, Norsk Sjukepleierforbund, Den norske legeforening, Delta, Psykologforeninga, Spekter, Virke, NHO Geneo og dei regionale helseføretaka.

Ventetidsløftet blei lansert i midten av mai i samband med revidert nasjonalbudsjett der regjeringa føreslo å styrke sjukehusbudsjetta med 2 milliardar kroner for å få ned ventetidene. Partnarane i Ventetidsløftet skal møtast annenkvar månad for å følge opp arbeidet med å få ned ventetidene.

Når: Måndag 19. august kl. 13.00–15.00
Kor: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9, Oslo

Pressa er velkomen til å ta bilete ved møtestart og få ein kommentar etter møtet. Journalistar kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Johansen.