Ankar tingrettsdommen om fellinga av ulveflokk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 15.09.2021
Oslo tingrett kom i sommar til at vedtaket frå 2019 om felling av ulvane i Letjenna-flokken er ugyldig. Staten ved Klima- og miljødepartementet ankar no dommen til lagmannsretten innan fristen 15. september.
- Saka reiser prinsipielle rettslege spørsmål om forvaltning av ulv, som eg meiner bør bli vurdert av ein høgare rettsinstans. Det vil gjere dei rettslege rammene tydelegare, og dermed kunne bidra til å gjere ulveforvaltninga meir føreseieleg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
I 2019 vedtok Klima- og miljødepartementet felling av seks ulvar i Letjenna-flokken. Reviret låg innanfor ulvesona i det som no er Innlandet fylke. Foreininga NOAH – for dyrs rettigheter tok ut søksmål mot staten i etterkant av fellinga, med påstand om at vedtaket ikkje var gyldig. Usemja gjeld i hovudsak bruken av naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav c, som seier at det kan opnast for felling for å vareta offentlege interesser av vesentleg betydning.
Høgsterett handsama tidlegare i år ei anna sak om ulveforvaltning. Den saka gjaldt tre vedtak om felling av streifulv og to ulveflokkar utanfor ulvesona vinteren 2017-2018, i det som no er Oslo, Viken og Innlandet fylke. Bruken av naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav c var eit av temaa Høgsterett tok stilling til i saka, men då utanfor ulvesona. Høgsterett kom til at desse vedtaka var gyldige.