Presseinformasjon:

Anne Beathe Tvinnereim til Guatemala og Costa Rica

Utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim reiser til Guatemala frå 3. juni til 6. juni og deltek på havkonferanse i Costa Rica 7. til 9. juni.

Noreg spelte ei viktig rolle i Guatemala under fredsprosessen på 90-talet og både norske styresmakter og norsk sivilsamfunn har hatt eit langvarig engasjement i landet. Tvinnereim skal mellom anna besøkje prosjekt finansiert av Noreg, og møte guatemalanske styresmakter, sivilt samfunn og institusjonar.

I Costa Rica skal utviklingsministeren delta på havkonferansen «Immersed in Change». Konferansen er eit viktig stopp-punkt før FN sin havkonferanse i Nice i 2025, der Costa Rica òg er med-arrangør. Noregs leiande rolle i dei globale plastforhandlingane vil stå sentralt, der målsetjinga er å komme i hamn med ein ambisiøs avtale i år. Tvinnereim vil i tillegg møte styresmakter og sivilt samfunn i Costa Rica.

Pressekontakt: Mariken Bruusgaard Harbitz (med på reisa), mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, +47 99 09 35 38