Presseinformasjon:
Anniken Huitfeldt besøkjer Brasil
Pressemelding | Dato: 04.10.2023 | Utanriksdepartementet
Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Rio og Brasília frå 9. -11. oktober.
Under besøket vil utanriksministeren besøkje norske bedrifter i Brasil og møte representantar for menneskerettsorganisasjonar og urfolk. Huitfeldt vil òg ha møte med sentrale medlemmer av regjeringa. Viktige tema vil vere geopolitiske utfordringar og fredsdiplomati, handel, grøn omstilling og klimaspørsmål.
Pressekontakt: Mariken Bruusgaard Harbitz (med på reisa), mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, +47 99 09 35 38