Arbeidsgruppe foreslår at Stortinget skal fastsetje løna til dommarane

Ei arbeidsgruppe foreslår at Stortinget i framtida skal fastsetje løna til dommarar i tingrettane, lagmannsrettane og jordskifterettane.

Arbeidsgruppa blei sett ned av Kommunal- og distriktsdepartementet i desember 2023 og har vore partsamansett. Ho fekk i mandat å greie ut og kome med forslag til ny lønsmodell for dommarar i tingrettane, lagmannsrettane og jordskifteretten. I tillegg har arbeidsgruppa òg vurdert på kva måte dommarane kan vere tilknytte statens særavtalar, som hovudavtalen.

Lønsfastsetjing for dommarar skjer i dag på ulike måtar. Dommarane i tingrettane og lagmannsrettane får løna fastsett administrativt av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Dommarane i jordskifteretten er omfatta av hovudtariffavtalane i staten, og får løna si fastsett i samsvar med desse avtalane. Stortinget fastset løna til dommarane i Høgsterett.

Arbeidsgruppa tilrår at løn for dommarane i framtida bør fastsetjast av Stortinget, etter innstilling frå eit uavhengig utval, og at dette vert forankra i lov. Arbeidsgruppa har særleg lagt vekt på omsynet til domstolane og dommarane si uavhengigheit. Les utgreiinga her.

Utvalet sine vurderingar og tilrådingar er samrøystes.

Digitaliseringsdepartementet vil no samarbeide med Justis- og beredskapsdepartementet for å gå gjennom rapporten og vurdere korleis den best kan følgjast opp.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.