Askøypakken: Ny plan for finansiering skal sikre fylkesvegprosjekt

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Samferdselsdepartementet la i dag fram forslag om å endre finansieringa av Askøypakken i Askøy kommune. Det vil ikkje vere rom for alle tiltaka i pakken innanfor den opphavlege økonomiske ramma. Kommunen og Vestland fylkeskommune ønskjer difor å auke bompengebidraget gjennom å setje opp ein ny bomstasjon og gjere innkrevjingstida fem år lengre.

– Med dette framlegget legg vi opp til at alle prosjekta i Askøypakken kjem på plass. Men framover må dei lokale styresmaktene følgje retningslinjene for bompengefinansierte bypakkar. Dersom kostnadane aukar eller inntektene vert lågare, må dette handterast gjennom porteføljestyring. Då lyt ein kutte i prosjekta. Auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode ut over det som no ligg i forslaget til Stortinget, vil ikkje vere aktuelt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Askøypakken omfattar 10 prosjekt og tiltak i fylkesvegnettet, i tillegg til ei ramme til kollektivtiltak. Bompengeinnkrevjinga starta opp hausten 2014, og skulle opphavleg halde fram til 2028. Stortinget har tidlegare slutta seg til pakken gjennom handsaming av Prop. 197 S (2012–2013).

Auka kostnader – lågare inntekter

Askøypakken har bidrege til ein vesentleg betre vegstandard, med betre framkome og trafikktryggleik på Askøy. Men fleire av prosjekta har vist seg å vere meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har trafikken blitt lågare enn forventa, og med auka elbildel har òg gjennomsnittstaksten blitt redusert. Dette har gitt lågare bompengeinntekter, kjem det fram av forslaget som regjeringa la fram for Stortinget i dag.

For å finansiere alle dei planlagde prosjekta har Askøy kommune og Vestland fylkeskommune gått inn for å revidere finansieringsopplegget med auka bompengebidrag. Dei auka inntektene vil kome gjennom etablering av ein femte bomstasjon så snart som mogleg og utvida innkrevjingstid med fem år frå 2028, slik at innkrevjingsslutt no kjem ved utgangen av 2033.

Retningslinjene for bompengefinansierte bypakker opnar i utgangspunktet ikkje for å revidere finansieringsopplegget for å dekkje inn kostnadsauke og inntektssvikt. Slike pakkar skal styrast innanfor ei fastsett økonomiske ramme, og manglande finansiering må handterast gjennom kutt i prosjekt. Departementet har likevel valt å leggje avgjerande vekt på at det blei fatta lokale vedtak i saka før dei nye ret­ningslinjene kom, og at desse føringane derfor ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

Bakgrunn: Askøypakken – 10 fylkesvegprosjekt

Utbygginga starta opp i 2015.

Fem vegprosjekt er fullførte:

  • Fv. 563 Florvåg–Erdal (Fv. 563 Bakarvågen)
  • Fv. 5246 Lindhaugen–Slettebrekka
  • Fv. 562 Strusshamnkrysset
  • Fv. 5254 Skansen (Kleppe)
  • Fv. 563 Strømsnes–Hop

To prosjekt er starta opp:

  • Fv. 5240 Skiftesvik–Marikoven
  • Fv. 562 Lavik–Haugland

Tre prosjekt er ikkje starta opp på grunn av manglande finansiering:

  • Fv. 5246 Slettebrekka–Hetlevik
  • Fv. 562/5266 Fromeide–Kjerrgarden
  • Fv. 5266 Fauskanger sør

Med det reviderte finansieringsopplegget ønskjer lokale styresmakter å fullføre dei fem påbegynte og attståande prosjekta. Det er også sett av ramme til kollektivtiltak på 284 millionar kroner i pakken.

Kartillustrasjon
Foto: SD/SVV

For meir informasjon, sjå: