Åtte millionar kroner til digital opplæring i 17 kommunar
Pressemelding | Dato: 17.10.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
17 kommunar får totalt åtte millionar kroner i tilskot til digital opplæring for innbyggjarar der dei bur.
- Når samfunnet blir stadig meir digitalt, må vi jobbe endå hardare for at ingen fell utanfor. Derfor løyver vi no pengar for å styrkje den digitale kompetansen hos seniorar og eldre nær der dei bur. Målet mitt er at alle skal ha eit slikt tilbod innan 2030, nettopp for at alle innbyggjarar trygt og sikkert skal kunne delta i det digitale samfunnet, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Tilskotet skal leggje til rette for at innbyggjarar med liten, eller ingen digital kompetanse, kan få hjelp og rettleiing til å ta i bruk alt frå nettbank til innlogging på Helsenorge. Målet er å inkludere fleire innbyggjarar i dagens digitale samfunn.
Det er Digitaliseringsdirektoratet som deler ut tilskotet på åtte millionar kroner etter søknad frå kommunane.
- Digdir skal leggje til rette for auka digital inkludering gjennom betre samordning og følgje opp handlingsplanen til regjeringa for auka inkludering i eit digitalt samfunn. Alle skal kunne delta i samfunnet på like vilkår. Målet er ein enklare digital kvardag for alle, seier Digdirs avdelingsdirektør Espen Sjøvoll.
Desse søkjarane får i år tildelt tilskot for å setje i verk tiltak for digital opplæring og rettleiing til innbyggjarane sine.
Kommune |
Tilskot |
Bykle |
150 000 |
Dønna |
200 000 |
Harstad |
2 000 000 |
Hasvik |
170 000 |
Karlsøy |
100 000 |
Kristiansand |
100 000 |
Kvænangen |
850 000 |
Nore og Uvdal |
300 000 |
Oslo kommune – Bydel Alna |
1 300 000 |
Oslo kommune – Bydel Frogner |
250 000 |
Rendalen |
287 000 |
Sola |
150 000 |
Vestby |
500 000 |
Vik |
175 000 |
Volda |
1 000 000 |
Åfjord |
165 900 |
Ås |
300 000 |
Til saman |
7 997 900 |
Det er i fleire år gitt tilskot for etablering av Digihjelpen-tilbod i kommunane. Arbeidet med Digihjelpen skjer i eit samarbeid mellom regjeringa og KS. Meir enn hundre kommunar har fått økonomisk støtte for å etablere eit Digihjelpen-tilbod. KS tilbyr råd og hjelp til kommunar som ønskjer å utvikle og etablere eit rettleiingstilbod i grunnleggjande digital kompetanse for innbyggjarane. Her kan dei ansvarlege i kommunane finne tips og råd om korleis dei kan utvikle og etablere eit kommunalt rettleiingstilbod:
Den nye digitaliseringsstrategien til regjeringa
Digdirs nettside om oppfølging av handlingsplanen til regjeringa