Auka konfliktnivå i verda gjer det vanskelegare for norske forskarar

Geopolitisk spenning verkar nedkjølande på forskingssamarbeid med andre land. Særleg for forskarar som jobbar innanfor sensitive fagområde er jobben blitt vanskelegare. Det kjem fram i ein ny rapport.

Nasjonale trusselvurderingar har lenge peika på kunnskapssektoren som eit mål for utanlandsk etterretning og påverknad. Akademisk fridom kan også kome under press i ein meir spent situasjon. Samstundes har land Noreg ikkje har eit tryggingspolitisk samarbeid med – inkludert land der akademisk fridom ikkje står like sterkt som hos oss – blitt vitskaplege og teknologiske stormakter.

– Noreg har, som resten av den vestlege verda, vore nøydde til å ta grep dei siste åra for å styrke tryggleiken i forsking og høgare utdanning. I ei stadig meir uroleg verd blir internasjonalt kunnskapssamarbeid vanskelegare – men ikkje mindre viktig av den grunn, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Balansen mellom tryggleik og samarbeid er krevjande

I rapporten “Geopolitisk spenning og internasjonalt kunnskapssamarbeid” har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) spurt forskarane om korleis dei opplever situasjonen. Bakgrunnen er intervju med fagleg tilsette som jobbar innan sensitive fagområde, eller samarbeider med forskarar i land Noreg ikkje har tryggingspolitisk samarbeid med.

I undersøkinga melder fleire at forskingssamarbeid står i fare for å stoppe opp. Kva som er krevjande varierer frå fagfelt til fagfelt, og det er ikkje berre innan teknologi og naturvitskap at samarbeid har blitt vanskeleg, også forskarar innan humaniora og samfunnsfag melder om problem.

– No har vi fått ein rapport som stadfestar det vi har vore urolege for – at forskingssamarbeid har blitt meir krevjande. Samstundes understrekar denne rapporten at kunnskapsmiljøa tek tryggleiken på stort alvor, men at dei treng hjelp frå myndigheitene med gode rammer, informasjon og regelverk. Det har vi jobba aktivt med dei siste åra, og det vil vi fortsette å prioritere høgt framover, seier Hoel.

  • Innanfor teknologi og naturvitskap er utfordringane knytt til eit lite knippe land, i hovudsak Kina.
  • Få rapporterer om eigne erfaringar med konkrete tryggleikshendingar, men svara vitnar om høgt medvit om at overvaking og spionasje kan førekome.
  • Mange er opptekne av eksportkontroll, og peikar på at regelverket er vanskeleg å forstå og å setje i verk i praksis, pluss at det er utfordrande med lang behandlingstid og usikre utfall for lisensar og innreisetillatingar.
  • Fleire melder at utfallet kan bli at viktig arbeid stoppar opp.
  • Mange viser til at kandidatar frå land som Kina blir utelukka av praktiske årsaker, og at ein dermed mistar mange gode kandidatar.
  • Innenfor samfunnsvitskap og humaniora rapporterer mange om tryggleiksrelaterte og forskingsetiske dilemma.
  • Dei som jobbar med politisk sensitive tema, f.eks. knytt til autoritære regime eller land i konflikt, opplever at ytringsrommet er blitt innskrenka.
  • Fare for visumnekt har ein nedkjølande effekt på samarbeid, særleg innan politisk sensitive tema – fleire viser også til sjølvsensur i offentleg debatt, for eksempel av frykt for ikkje å få visum.
  • Mange er opptekne av tryggleiken til partnarar/informantar i samarbeidslanda, knytt m.a. til politisk sensitive tema og utstrakt sensur i autoritære regime.
  • I tillegg er det ei utbreidd uro for at norske studentar ikkje lenger vil velje bestemte språk-, land- og regionstudium.

Tilrådingar

  • Avgjerder bør takast nærast mogleg dei berørte fagmiljøa. Éi løysing passar ikkje for alle. Samarbeid bør vurderast frå sak til sak og evaluerast jamleg.
  • Fagleg tilsette må balansere tryggleiksrisiko og akademiske verdiar. Dei treng støtte frå administrasjon og leiing.
  • Institusjonane bør finne ut kva støttebehov tilsette også innan humaniora og samfunnsvitskap har.
  • Kunnskapssektoren må handtere komplekse saker som krev tverrfagleg samarbeid og informasjonsdeling.
  • Norske institusjonar bør samarbeide, dele kunnskap og ressursar, og bruke nettverk og partnarar i allierte land.
  • Myndigheitene må gi føreseielege rammer og dele informasjon, på tvers av ulike sektorar.

Eksportkontroll og politisk sensitive tema er særleg vanskelege

– Vi er klar over at eksportkontroll er eit krevjande felt for mange, og at fleire seier dei treng meir og betre rettleiing og raskare behandling av søknader om lisensar, seier Hoel.

For å møte denne utfordringa har regjeringa oppretta eit nytt direktorat under Utanriksdepartementet frå 1. januar 2025, som skal ha spesielt ansvar for eksportkontroll og sanksjonar.

I tillegg har regjeringa nyleg bede Forskningsrådet, Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) om å utvikle eit meir systematisk kunnskapsgrunnlag for vurdering av sensitive teknologiar. Dette skal vere eit felles verktøy for både institusjonar og myndigheitsaktørar, på tvers av ulike sektorar og regelverk.

– Norske institusjonar bør samarbeide og dele informasjon. I ei meir utfordrande verd må vi tenke at vi er eit nasjonalt lag. Vi må også søke samarbeid med partnarar i andre europeiske land. Dette vil vi i HK-dir bidra til framover, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.

Han viser til at sakene høgare utdanningsinstitusjonar må handtere er svært komplekse. I tillegg til kunnskap om norsk og internasjonalt lov- og regelverk, må dei ha kunnskap om vilkår for forsking og utdanning i andre land, og mogleg bruk og misbruk av forsking.

Til våren skal regjeringa legge fram ei stortingsmelding om forskingssystemet. Der vil Kunnskapsdepartementet mellom anna sjå på korleis skjerpa krav til tryggleik og risikostyring kan balanserast med prinsippet om open forsking.