Statsbudsjett 2025
Auka satsing på reiseliv
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa har store ambisjonar for norsk reiseliv framover. For å auke verdiskapinga og utvikle eit meir berekraftig reiseliv styrkjer regjeringa løyvinga til Innovasjon Noreg sitt reiselivsarbeid med 10 millionar kroner.
– Noreg blir eit stadig meir attraktivt reisemål for gjestar frå heile verda. Potensialet for å utvikle eit meir lønsamt og berekraftig reiseliv er stort. Derfor styrkjer vi innsatsen for marknadsutvikling, innovasjon og kompetanse i reiselivet, seier næringsminister Cecilie Myrseth
Ein heilskapleg politikk for reiselivsnæringa
I Veikart for reiselivsnæringa er regjeringa sine mål presenterte. Vi skal leggje til rette for eit heilårleg reiseliv som er konkurransedyktig, har stadig lågare klima- og miljøavtrykk, respekterer tålegrensene til naturen og lokalsamfunna og gir lønsame heilårlege arbeidsplassar og attraktive reisemål over heile landet. For å lukkast med dette, treng vi ein heilskapleg innsats med god samhandling mellom offentlege, private og frivillige aktørar.
– Reiselivsnæringa er ei viktig næring for Noreg, både for bygd og by. Det er viktig at vi sikrar berekraftige løysingar, men òg at vi sikrar tillit mellom lokalbefolkning, næring og styresmaktene. Derfor er det no på tide at vi får ein heilskapleg reiselivspolitikk, som denne regjeringa har løfta fram, seier Myrseth.
Styrkt innsats
Regjeringa vil styrkje marknadsmoglegheitene for norske reiselivsaktørar gjennom heile året. Derfor styrker vi Innovasjon Noreg sitt arbeid med å legge til rette for utvikling i reiselivsnæringa og marknadsføre Noreg som reisemål. I tillegg har regjeringa bestemt at reiseliv blir den femte eksportsatsinga, og innhaldet i denne er snart klar for lansering.
Styrkinga følgjer opp regjeringa sine ambisjonar frå vegkart for reiselivsnæringa, blant anna også oppfølging av «Reiseliv 2030», som gir tilrådingar om korleis reiselivsnæringa gjennom forskings- og innovasjonsaktivitetar kan bli meir lønnsam og berekraftig.
Ei berekraftig utvikling
Ambisjonen om auka verdiskaping i reiselivet føreset at vi også sikrar ei berekraftig utvikling, med tanke på klima, miljø og lokalsamfunn. Det skal vere godt å bu i og besøke reisemåla i landet vårt, og vi må ta vare på natur- og kulturgoda. Regjeringa vil i 2025 halde fram med arbeidet som skal sikre at kommunane får juridisk handlingsrom til å kunne krevje inn eit besøksbidrag, og vil sende eit lovforslag på høyring i haust.
For å legge til rette for auka profesjonalitet, kvalitet og tryggleik knytt til guida reiselivsopplevingar, vil regjeringa følgje opp ved å gi Standard Noreg i oppdrag å utvikle ein Norsk Standard (NS) for guidar, som vil beskrive kva basiskompetanse alle guidar bør ha.