Auka tilskot til Anno museum og Norsk Bergverksmuseum

Regjeringa føreslår fem millionar kroner til Anno museum og ein million kroner til Norsk Bergverksmuseum i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2024.

– Eg er glad for at vi har funne rom til å støtte to viktige formål. Dette vil sikre at vår felles kulturarv om norsk utvandrarhistorie og myntverkshistorie blir forvalta på ein god måte og formidla til eit breitt publikum, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

I 2025 er det 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika fann stad. Anno museum har eit koordineringsansvar for utvandringsjubileet. Jubileet skal markerast med arrangement i Noreg og i Nord-Amerika.

Jubileet skal både setje søkjelys på utvandringa i eit historisk perspektiv, og knytte det opp til dei store migrasjonsutfordringane i vår eiga tid. Regjeringa har allereie tilgodesett Anno museum med støtte til jubileumsarbeidet i Noreg med tre millionar kroner, og foreslår no i tillegg fem millionar til museet til gjennomføring av jubileumsmarkeringa i New York.

Regjeringa foreslår også ein million kroner til Norsk Bergverksmuseum for å leggje til rette for at museet kan forvalte og formidle Noregs myntverkshistorie på ein god måte.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.