Statsbudsjettet 2024
Auka tilskot til heildøgns omsorgsplassar
Nyheit | Dato: 06.10.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa foreslår ei tilsegnsramme på tre milliardar kroner for investeringstilskot til om lag 1500 heildøgns omsorgsplassar. Forslaget inneber ei løyving på 300 millionar kroner i 2024 for å dekke tilsegnsramma det første året.
Investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar skal stimulere kommunane til både å fornye og auke tilbodet av sjukeheimar og omsorgsbustader for personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester.
– Vår ambisjon er å gjere det trygt å bu heime så lenge dei eldre sjølv ønsker det. Samtidig er ikkje det å bu heime ei løysing for alle. Dei som treng sjukeheimsplass skal få det, slår helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol fast.
Satsing på Tørn-prosjektet
Regjeringa foreslår også 75 millionar kroner i auka løyvingar for å følge opp kompetansedelen av bu trygt heime-reforma, som blei lagt fram i slutten av juni i år.
58 millionar kroner av desse midlane er foreslått å gå til utviding av Tørn-prosjektet (ks.no). Tørn er eit forsøk med nye arbeids- og organisasjonsformer som skal bidra til betre bruk av helsepersonellet si kompetanse og tid, og dermed gi betre tenester til innbyggarane våre.
– Tørn-prosjektet er eit av dei viktigaste grepa for å møte utfordringane vi har med personell. Prosjektet blir bygd nedanfrå av tillitsvalde og fagfolk, og bidrar til å få fleire heiltidsstillingar, tilsette med formell helsefagleg kompetanse og å støtte opp om arbeidet med god oppgåvedeling, fortel Kjerkol.
Satsar på Jobbvinnar
Regjeringa foreslår også ei løyving på fire millionar kroner til tiltaket Jobbvinnar (ks.no), som er eit nasjonalt prosjekt for å rekruttere og behalde sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i kommunane sine helse- og omsorgstenester.
– Når vi blir færre yrkesaktive og fleire eldre som treng pleie og omsorg, må vi omstille oss. Det er også den tydelege anbefalinga frå Helsepersonellkommisjonen. Då treng vi tiltak som Jobbvinnar som stimulerer til å halde fram i vår felles helseteneste, understrekar Kjerkol.
Lanserer ny rettleiingsteneste
Regjeringa foreslår også ti millionar kroner til eit nytt tilskot til rettleiing av studentar og tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
– Å behalde dei nyutdanna og gi dei ein god start på yrkeslivet er heilt avgjerande for at vi skal ha gode tenester, fortel Kjerkol.
Ho legg til at kompetanse, rekruttering og bruk av ny teknologi er grunnleggande når vi skal sikre ei verdig og trygg eldreomsorg i heile landet, og at forslaga regjeringa kjem med i statsbudsjettet legg opp til nettopp dette.