Statsbudsjettet 2025

Aukar CO2-kompensasjonen til fiskeflåten

Regjeringa foreslår å auke CO2-kompensasjonsordninga for fiskeflåten med 153,6 mill. kroner til 500,4 mill. kroner.

– Vi foreslår å auke tilskottet til CO2-kompensasjon i 2025, for at fiskeflåten skal få tid til å omstille seg, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Tilskottet i 2025 gjeld avgift som er betalt i 2024. Auken i tilskottet skal ta høgd for auken i CO2-avgift frå 2023-2024.

-Norsk sjømat er sunn og miljøvennleg med lågt klimaavtrykk. Å auke produksjonen av mat frå havet er derfor i seg sjølve ein viktig del av det grøne skiftet. Samstundes må også fiskeflåten medverke til at Noreg når klimamåla sine, ved å redusere CO2-avtrykket sitt, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

CO2-avgifta gir insentiv til å redusere drivstofforbruket og finne alternative energikjelder. Når ein ikkje har reelle fossilfrie alternativ, blir avgifta ein auka driftskostnad aleine. Kompensasjonsordninga vart oppretta i 2020 for å lette omstillinga i fiskeflåten, og skulle etter planen trappast ned gradvis og avviklast frå 2025. Men det er framleis behov for ordninga, og regjeringa foreslår derfor å styrke ho i 2025 i tråd med opptrappinga av CO2-avgifta. Kompensasjonsordninga er innretta slik at ho skal gi insentiv til lågare drivstofforbruk. Departementet vil samtidig vurdere justeringar i ordninga, for å sikre betre kontroll med at det berre er fangst tatt med avgiftsbelagt drivstoff som ligg til grunn når kompensasjonen vert berekna.

Frå 2025 foreslår regjeringa også at fiskeflåten skal betale avgift for drivstoff som vert brukt ved fiske og fangst i fjerne farvatn. Satsen er foreslått sett til 25 pst. av det generelle nivået for utslepp under innsatsfordelinga.