Statsbudsjettet 2022
Aukar innsatsen for eit likestilt samfunn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 118/21 | Dato: 12.10.2021
Regjeringa vil gjennom budsjettforslaget for 2022 styrke innsatsen for eit likestilt samfunn. 37 millionar kroner går til viktige tiltak som bidreg til eit likestilt og trygt samfunn for alle.
– Denne regjeringa har høge ambisjonar når det gjeld likestilling og ikkje-diskriminering knytt til kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet, funksjonsnedsetjingar, og religion og etnisk bakgrunn. Ein auka innsats må byggje på eit solid og oppdatert kunnskapsgrunnlag, seier Raja.
17 millionar fordelast på følgande tiltak:
- 3 millionar kroner til utvikling av TryggEst. Personar med funksjonsnedsetting kan vere ekstra sårbare for vald og overgrep. TryggEst er eit system som skal bidra til å avdekke og hindre overgrep mot vaksne som i liten eller ingen grad er i stand til å beskytte seg sjølv.
- 4 millionar kroner går til å følgje opp regjeringas strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad 2021-2024. Midla skal mellom anna gå til utvikling av fagdirektoratet for likestilling, Bufdir, slik at direktoratet i større grad kan støtte sektormyndigheitene i arbeidet med å fremme likestilling i utdanning og arbeidsliv.
- 3 millionar kroner går til å følgje opp tiltak i regjeringas handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika 2021–2024. 2 millionar kroner av dette skal gå til utvikling av kunnskap om levekår og livssituasjon, og 1 million kroner til å styrke tilskotsordninga for kjønns- og seksualitetsmangfald.
- 6 millionar kroner går til ytterlegare styrking av tilskotsordning til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.
- 1 million kroner går til driftsstøtte til Oslo Pride, som er Noregs største politiske og kulturelle møteplass for skeive.
Løft for forsking og utvikling av kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering
Meir likestilling og mindre diskriminering er eit sentralt mål for det norske samfunnet i åra som kjem. Forskningsrådet omprioriterer 20 millionar kroner og gir med dette eit løft til forsking og utvikling av kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering.
– Noreg har ei av verdas beste likestillings- og diskrimineringslover. Med denne satsinga vil vi sikre at intensjonen i lova blir følgt opp. Med eit solid og oppdatert kunnskapsgrunnlag vil det offentlege, arbeidsgivarar og skular kunne arbeide meir systematisk og målretta for at både kvinner, menn og minoritetar skal kunne føle seg trygge og inkluderte, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
I 2022 skal Kulturdepartementet, i samarbeid med Forskingsrådet og dei ulike sektordepartementa utvikle ein kunnskapsstrategi. Løftet på 20 millionar kroner vil frå 2022 finansiere strategiarbeidet, ein tverrsektoriell forskings- og utviklingsportefølje, internasjonalt forskingssamarbeid, og prosjekt med fokus på likestilling, ikkje-diskriminering og mangfald på nett.