Statsbudsjettet 2024

Aukar satsinga på bygdevekstavtalar med 50 millionar kroner for 2024

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa styrker satsinga på det nye distriktspolitiske verkemiddelet bygdevekstavtaler.

– Gjennom bygdevekstavtaler skal staten og kommunane samarbeide om tiltak for busetting, betre tilgang på arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling. Regjeringa legg no 50 millionar kroner på bordet til medfinansiering av konkrete prosjekt. Slik kan vi utvikle og teste ut nye løysingar som kan kome fleire distriktskommunar til gode, seier kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I fjor haust blei fem område i Finnmark og Trøndelag vald ut som pilotar. I mars lyste regjeringa ut ytterlegare 15 millionar kroner for å teste ut bygdevekstavtalar i fleire område. I statsbudsjettet for 2024 aukar satsinga med 50 millionar kroner, til gjennomføring av avtalane. Regjeringa foreslår ei totalløyving til bygdevekstavtalar på 76,9 millionar kroner i 2024. 

– Kommunane som deltek i dei fem pilotane har nyleg levert sine forslag til avtalar. No blir det spanande å jobbe saman om konkrete prosjekt for å løyse distriktsutfordringar, seier Gjelsvik.