Avgrensar moglegheita til å opprette nye privatskolar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

I dag trer den nye privatskolelova i kraft. Ho inneber at det ikkje lenger blir mogleg å godkjenne private profil- og yrkesfagskolar.

Dei siste ti åra har det i snitt vorte oppretta éin ny privatskole i Noreg i månaden, medan det har vorte lagt ned tre offentlege skolar i månaden.

– Ein føresetnad for at Noreg skal vere eit land med små forskjellar og høg tillit, er ein sterk offentleg fellesskole, der barn og unge med ulik bakgrunn møtest og lærer saman. Det gjer noko med det norske samfunnet, som skal vere ope og tolerant, når folk med ulik sosial og kulturell bakgrunn i mindre grad møtest i dei same klasseromma. Derfor kan vi ikkje fortsetje å privatisere og splitte opp skolesystemet vårt, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

No blir friskolelova erstatta med ei ny privatskolelov. Den nye lova fjernar moglegheita til å opprette nye private profilskoler og yrkesfagskoler. Moglegheita til å utvide eksisterande tilbod av denne typen blir òg sterkt avgrensa.

– Regjeringa vil stanse privatiseringa og bygge ein sterkare og meir mangfaldig offentleg fellesskole. Dei tilboda som Solberg-regjeringa meinte vi trong private skolar for å gi, meiner eg i staden kan givast i den offentlege fellesskolen. Du skal ikkje trenge å betale privatskolar for å kunne fordjupe deg i til dømes realfag og idrett, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Det var Solberg-regjeringa som innførte profilskolar og yrkesfagskolar. Sidan 2015 har totalt 31 slike skolar vorte godkjende. Fleirtalet er private idrettsungdomsskolar, fire er private yrkesfagskolar, medan andre har realfag og entreprenørskap som særskild profil.

Skal ta opp att behandlinga av søknader

I november fekk Utdanningsdirektoratet instruks frå Kunnskapsdepartementet om å fryse behandlinga av søknader om godkjenning av nye profil- og yrkesfagskolar, for å vente på stortingsbehandlinga av regjeringsforslaget til ny privatskolelov.

No som ny lov er vedtatt, får Utdanningsdirektoratet beskjed om å ta opp att behandlinga av søknadene i tråd med det nye regelverket. I alt er det åtte søknader om godkjenning av nye profil- og yrkesfagskolar som har fått behandlinga utsett. 

Tilbake til 2007-forliket

Den nye lova inneber at privatskolar må representere eit reelt supplement til den offentlege fellesskolen for å bli godkjende. Skolane kan til dømes bli godkjende med basis i ei anerkjend pedagogisk retning, slik som steinerskolar eller montessoriskolar, eller som internasjonal skole.

Den nye privatskolelova vil i stor grad likne på lovverket som vart vedtatt med utgangspunkt i privatskoleforliket mellom Ap, Sp, SV og KrF i 2007.

Kunnskapsminister Tonje Brenna varslar at regjeringa arbeider med å styrke dei lokale folkevalde si moglegheit til å seie nei til nye privatskolar, slik det står i Hurdalsplattformen.

Fakta:

  • Før påske la regjeringa fram forslag til ny privatskolelov. Målet var å stramme inn privatskolelova i tråd med Hurdalsplattformen. Eit fleirtal på Stortinget vedtok lova 31. mai. Lova trer i kraft 15. juni.
  • Under Solberg-regjeringa auka talet på privatskolar med nesten 30 prosent, frå 268 i 2013 til 346 i 2021. Samstundes har talet på offentlege skolar vorte reduserte kvart år.
  • Tilskotet frå staten til privatskolane var i 2021 på 6,2 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,7 milliardar kroner sidan 2013. Noko av kostnaden for staten for ein privat skoleplass, blir dekt inn ved at kommunane får mindre pengar til offentleg skole når ein ny elev byrjar på ein privat skole. Men fleire private skolar gir òg auka utgifter over statsbudsjettet. Dette er pengar som regjeringa vil bruke på offentlege skolar.