Avtale om ekstra innsats i bydelen Møllenberg i Trondheim

Regjeringa og Trondheim kommune skreiv i dag under ein avtale om områdesatsing i bydelen Møllenberg. Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar.

Det var statssekretær Sigrun Wiggen Prestbakmo i Kommunal- og distriktsdepartementet som underteikna avtalen med Trondheim på vegne av regjeringa. 

− For å betre levekåra i byar og byområde med særskilte utfordringar, må stat og kommune jobbe saman. I Trondheim ser kommunen dei tre bydelane under eitt. Dette gjer det lettare å dele erfaring og tenester for å betre levekåra, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Som mange andre større byar, opplever også Trondheim ein tendens til auka  levekårsutfordringar i enkelte byområde. Møllenberg er den tredje bydelen i Trondheim som inngår i avtalen Trondheim kommune har med staten. Frå før har kommunen avtale om ekstra innsats i bydelane  Lademoen og Tempe/Sorgenfri.

– Også i Trondheim skal alle kunne leve gode liv i sitt lokalsamfunn. I samarbeid med staten kan vi gjennom områdesatsingane jobbe langsiktig med betre bu- og nærmiljø der det er gode moglegheiter for alle, seier byrådsleder Kristian Dahlberg Hauge.

Områdesatsingane skal bidra til sosialt berekraftige lokalsamfunn for og med innbyggarane, og snu den negative levekårsutviklinga i området

Sosial bustadpolitikk og overordna byplanlegging skal bidra til betre levekår og auka livskvalitet i bustadområda. Det skal bli eit mangfald av ulike bustader og eit meir stabilt bumiljø.

– Vi håpar arbeidet bydelane no legg ned vil bidra til meir levende byrom og auka livskvalitet for dei som bur der, fortel Hauge.  

Kommunane har hatt fleire møter med barnefamiliar i bydelen, og gjennomført to  spørjeundersøkingar til alle i bydelen. På nyåret skal kommunen i gang med prosjektet «Barnevennlege nabolag», i samarbeid med Husbanken.

Der skal ein mellom anna  gi uteromma liv, og gjere Møllenberg meir tilgjengeleg for barnefamiliar. I tillegg ser arkitektstudentar på justeringar i dei små leilegheitane i trehusa, slik at dei blir større og egna for barnefamiliar. I fellesskap med bebuarane skal ein skape gatetun der det i dag er biltrafikk, og lage møteplassar i eksisterande næringslokale.

Fakta om områdesatsing:

  • Områdesatsingar er langsiktige avtalar mellom stat og kommune.
  • Målet er å gi ein ekstra innsats i område med mange innbyggjarar og utfordringar knytt til levekår.
  • Områdesatsingane skal betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar og tenesteutvikling.
  • Satsinga skal bidra til å utvikle nye erfaringar og innovative løysingar, som kan brukast av fleire kommunar som også har levekårsutfordringar.