Avtale om ekstra innsats i Halden sentrum er på plass

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande og ordførar i Halden, Fredrik Holm, underteiknar i dag ein intensjonsavtale om områdesatsing i sentrum. Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar.

– Stat og kommune må jobbe saman for å betre levekåra i byar og byområde med særskilte utfordringar. No utvidar vi samarbeidet om områdesatsingar til fleire byar. Vi veit at mange av kommunane i Østfold har store utfordringar med dårlege levekår. Fredrikstad og Sarpsborg fekk avtale i fjor, og tidlegare i dag underteikna eg avtale med Indre Østfold. No er det Halden sin tur, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Halden vil prioritere tiltak innanfor bustad-, bumiljø og oppvekstvilkår, arbeid, skule og fritid, møteplassar og førebygging av kriminalitet.

– Vi er takksame for at regjeringa vel å prioritere Halden med denne avtalen. Vi er ein kommune som har nokre utfordringar knytt til folkehelse og levekår. Det er ikkje noko nytt, og det er ikkje enkelt å finne midlar til førebygging i eit stramt kommunebudsjett.

Ikkje minst er dette arbeid som også tek lang tid, seier ordførar i Halden Fredrik Holm. 

Avtalen om ei områdesatsing er ei svært viktig ramme for å kunne jobbe langsiktig med å byggje eit enda betre lokalsamfunn.

– Med avtalen får vi føreseielege føresetnader for å gjere tiltak vi har ynskt oss og planlagt gjennom fleire år, men som vi ikkje har klart å prioritere i møte med andre lovpålagte oppgåver, seier ordføraren.

I områdesatsingane blir det arbeida med å betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar og tenesteutvikling. Dette er viktig innsats for inkluderande lokalsamfunn der fleire deltar.

Områdesatsingar er langsiktige avtalar mellom stat og kommune. Målet er å gi ein ekstra innsats i område med mange innbyggjarar og utfordringar knytt til levekår. Satsinga skal bidra til å utvikle nye erfaringar og innovative løysingar som kan brukast av fleire kommunar som også har levekårsutfordringar.

Intensjonsavtalen områdesatsing gjeld i fem år, og med atterhald om årlege statsbudsjett, får kommunen fem millionar kroner i tilskot kvart år til ein ekstra innsats i Halden sentrum.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.