Avtale om ekstra innsats i Hunndalen i Gjøvik er på plass

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande og ordførar i Gjøvik, Anne Bjertnæs, underteiknar i dag ein intensjonsavtale om områdesatsing for bydelen Hunndalen i Gjøvik kommune. Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar.

– For å betre levekåra i byar og byområde med særskilte utfordringar og skape inkluderande lokalsamfunn, må staten og kommunen samarbeide. Vi utvidar no samarbeidet om områdesatsingar til fleire byar, og i dag er det Gjøvik sin tur, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Gjøvik vil prioritere tiltak innanfor barn og unges oppvekst gjennom bygging av ny skole, hall og uteområde og inkludering gjennom nye formar for tiltak og møteplassar.

– Oppvekstvilkåra til barn og unge og å legge til rette for meistring og livsglede er av dei viktigaste og mest meiningsfulle oppgåvene eit kommunestyre har. Gjennom denne satsinga i partnarskap med staten får vi moglegheita til å verkeleg gjere gode ting for barn og unge i Hunndalen, det gler vi oss til, seier ordførar Anne Bjertnæs.

Avtalen om ei områdesatsing er ei svært viktig ramme for å kunne jobbe langsiktig med å byggje eit enda betre lokalsamfunn.

– I Hunndalen har vi eit stort mangfald. Barn og unge frå fleire kulturar som går i barnehage og skule saman. Gjennom medverknad og dialog med dei unge i Hunndalen veit vi at dei saknar gode sosiale møteplassar, uteområde med aktivitetar og moglegheit for å samlast på tvers. Gjennom dei prosjekta og tiltaka vi no skal i gang med i samarbeid med staten skal vi fylle dette med godt innhald slik at fleire opplever ei fritid med meining, seier ordførar.

 I områdesatsingane blir det arbeida med å betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar og tenesteutvikling. Dette er viktig innsats for inkluderande lokalsamfunn der fleire deltar.

Områdesatsingar er langsiktige avtalar mellom stat og kommune. Målet er å gi ein ekstra innsats i område med mange innbyggjarar og utfordringar knytt til levekår. Satsinga skal bidra til å utvikle nye erfaringar og innovative løysingar som kan brukast av fleire kommunar som også har levekårsutfordringar.

Intensjonsavtalen områdesatsing gjeld i fem år, og med atterhald om årlege statsbudsjett, får kommunen fem millionar kroner i tilskot kvart år til ein ekstra innsats i bydelen Hunndalen i Gjøvik.