Avtale om ekstra innsats i Mysen er på plass

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande og ordførar i Indre Østfold kommune, Saxe Frøshaug, underteikna i dag intensjonsavtale om områdesatsing i Mysen. Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar.

– Det er ikkje berre dei store bykommunane som treng ein ekstra innsats for å utjamne sosiale forskjellar i nokre område. Eg er glad for at vi nå utvidar samarbeidet om områdesatsingar til fleire byar, slik som Mysen i Indre Østfold. Erfaringane frå Mysen kan vere nyttig for andre kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Indre Østfold vil prioritere tiltak innanfor utdanning og oppvekst, sysselsetting og bu- og nærmiljø.  

– I Indre Østfold kommune har vi hatt fokus på oppveksten og levekåra si betydning for våre innbyggjarar i mange år, og det er svært gledeleg at vi nå gjennom denne avtalen får ytterlegare draghjelp til dette viktige arbeidet. Det er i tillegg ei viktig anerkjenning frå staten si side at også mindre og mellomstore kommunar kan ha område med opphoping av levekårsutfordringar, seier Saxe Frøshaug, ordførar i Indre Østfold kommune. Han legg til: 

– Mysen har sine utfordringar, men Mysen har òg svært mange gode kvalitetar og engasjerte innbyggjarar, så eg gler meg til å følge dette arbeidet i åra framover.

I områdesatsingane blir det arbeida med å betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar og tenesteutvikling. Dette er viktig innsats for inkluderande lokalsamfunn der fleire deltar.

Områdesatsingar er langsiktige avtalar mellom stat og kommune. Målet er å gi ein ekstra innsats i område med mange innbyggjarar og utfordringar knytt til levekår. Satsinga skal bidra til å utvikle nye erfaringar og innovative løysingar som kan brukast av fleire kommunar som også har levekårsutfordringar.

Avtalen gjeld i fem år. Med atterhald om årlege statsbudsjett, får kommunen fem millionar kroner kvart år til ein ekstra innsats i Mysen.